Korn på Lavtrøa, Lavtrøberget i bakgrunnen - og Fåmyra. Kvoifor heiter det det?

Stadnamn, gårdsnamn, teignamn

I gamle dagar var stadnamna, gardsnamna, teignamna ein del av almenkunnskapen for folk flest. Vi er mange som meiner at det er viktig å ta vare på denne verdien/tradisjonen sjøl om vi ser at dette ikkje er ein lett oppgave.

Skrevet av Jakob Bjerkem. Sist oppdatert 20. oktober 2020. Vil du gjenbruke innholdet? Innholdet har fri gjenbruk

Om tradisjonen og kunnskapen

I gamle dagar var stadnamna, gardsnamna, teignamna ein del av almenkunnskapen for folk flest. Vi er mange som meiner at det er viktig å ta vare på denne verdien/tradisjonen sjøl om vi ser at dette ikkje er ein lett oppgave. Folk har ikkje bruk for namna lenger. På eit vis kan ein seie at samfunnet på fleire vis også stimulerer til å slutte å bruke både stadnamn og slektsnamn. Det offentlege ønsker ikkje å bruke gardsnam lenger. Alle bønder skal no tvinges til å bruke eit "konstruert" gatenamn med nummer og dermed kaste vrak på gardsnamnet som kanskje har vore i bruk i opp til to tusen år. I skole og barnehage skal ein ikkje bruke etternamn lenger - ingen skal vera meir verd enn sidemannen. Her skal det ikkje hjelpe deg at du stiller med eit gammelt Henningnamn. Individualismen i seg sjøl stimulerer til det same. Dette fører til slike ting som når ein person trengte hjelp - tilhengaren datt av kroken på traktoren. Da svarte han på spørsmålet "Kor står du?": "Midt mellom Jakob og Einar". Han stod ved elva Rølla ved elvehølen/badeplassen Litldahølen, midt mellom bruka Øver-Bjerkem og Flatås

Alle stadnamn var ein nødvendig del av språket. No i GPS-tda er det ikkje nødvendig å bruke stadnamn. Du kan bruke tal - koordinatar på kartet eller GPStala. Teignamna omfatta så små teigar at traktoren fer fort over - ingen har tid til å lære dei gamle teignamna. Gardsnamna treng du ikkje - du har jo adressen: Vegnamn med nummer. Men namna kan fortelje viktig kulturhistorie. Kvifor heiter denne teigen Lavtrøåkeren - her ligg jo ingen lavi (=låve). Jo, men her låg jo det gamle tunet før garden vart delt i 1822 og husa vart oppbygde på to nye tun- AHAAAAA!

Alle kunne namna - dei var ein del av livets realitetar - og dei var nødvendige hjelpemiddel i kvardagen.

Utøvere med høy kompetanse

Det heiter at det er naboen som veit kva bruket ditt heiter. Han bruker det namnet som folk flest i bygda bruker. Det er det som er NAMNET. I dag ser ein mye jåleri med namnesetting. Å skrive slik ein taler er i ferd med å tape verdi igjen. "Dansketida" er på eit vis tilbake igjen. Stumme h-ar og anna jålete rettskriving som er forlate for 100 år sidan dukker opp. Kunnskapen kjem meir og meir bort. Det er derfor viktig å gjere ein innsats for å gi namna ein høgare status igjen. Gamle folk og gamle kart og nedteikningar, bygdebøker etc har kunnskapen. Fleire arkiv som er nemnt ovanfor. Det finnes også arkiv for namning av Økonomisk kartverk frå 1980-talet. Gunnbjørn Malmo skreiv hovedoppgave i norsk om namna på Båbufjellet. Det finnes fleire artiklar i Årbok for Sparbu historielag om temaet

Kunnskapsoverføring

Hittil har namnetradisjonar blitt overført frå generasjon til generasjon. No er det nødvendig å skrive ned. Det har vore gjennomført fleire innsamlingar. Gamle kart kan vera av nytte. Den gamle bygdeboknemda gjorde eit stort registreringsarbeid. Dette finnes i bygdearkivet på Heistad. Forfattaren Tormod Årholt bruke dette under skrivinga. Alle gardar har fått ei liste over interessante teignamn. Seinare har Skarpnes skole gjennomført registrering. Det finnes fleire artiklar i Årbok for Sparbu Historielag om stadnamn.

Historisk bakgrunn

Mange namn kan vera så gamle at det er vanskeleg å skjønne opphavet, men dei fleste namna kan ein skjønne betydninga av. Under utgiving av det "nye" Båbufjellkartet vart det sørga for at ein del "gamle" namn vart med. Skolen gjer ein innsats for å halde kunnskapen ved like

Plan for videreføring

Det er å ønske at skolen/barnehagen tar tak i dette og tar til å bruke namna på gardane og lærer seg namna i nærområdet slik at lokalnamna kan haldast i hevd

Kan du bidra med innhold til artikkelen? Foreslå bilder til bidraget eller foreslå forbedringer av tekst

Spørsmål og kommentarer

Legg igjen en kommentar