På setra går dyra fritt. Hesten ble gjerne sluppet til fjells etter slåtten. Foto: Jostein Sande

Setring / stølsdrift

Mange små gardar er særs rike på utmarksbeite. I fleire hundre, kanskje tusen år har husdyra hausta graset i utmark og fjell som ein felles nordisk seterkultur. Dei rike beitene gjev ekstra god mjølk, og er grunnlaget for produksjon av mjølk, smør og ost av god kvalitet. Talet på setre er særs redusert, men fleire tiltak søkar å sikra at tradisjonen førast vidare. Seterdrifta er framleis en viktig del av landbruket, men og eit svært sentralt element i lokal og regional kultur og identitet. Setra som møteplass betyr mye for mange, både dei som har arbeidet sitt der og dei som besøker setra.

Skrevet av Norsk seterkultur. Sist oppdatert 28. februar 2023. Vil du gjenbruke innholdet? Innholdet har fri gjenbruk

Om tradisjonen og kunnskapen

Hovudprinsippa ved seterdrift er at dyra blir ført til utmarka, eit stykke frå garden om sumaren, for å nytte ressursane i utmarksbeitet til mjølkeproduksjon. På denne måten kan areala heime på garden nyttast til anna type produksjon, t.d. korn, poteter og vinterfôr til buskapen. Perioden dyra er i utmarka kallas setertida og varer frå tidleg på sumaren, ofte i juni, til litt utpå hausten, august eller september, da kvaliteten på beitet blir dårlegare og dyra blir ført heim att.
Seterkulturen er mangfaldig og består av enkeltstølar og fellessetrer, der fleire gardar setrer saman. Ein del av setrene ligg og som enkeltsetrer i setergrender. Vi finn seterdrift både til fjells og i skogen. Dei fleste setrene i drift høyer til ein gard i bygda mens andre leiger seter frå gardar som ikkje lenger nytter setra si sjølv. Summe setrer er drivne av museum eller liknande institusjonar.
I dag er Oppland, og særleg Valdres, tyngdepunktet i ”seterlandet”, men og i deler av Hedmark og Sør-Trøndelag er det tett mellom setre som framleis er i drift. Det spesielle med den norske seterdrifta er at vi framleis finn livskraftige stølsmiljø i fjord- og kystbygder, altså ikkje berre i det vi omtalar som fjellbygdene.
I eldre tid rekna ein med at kyrne produserte 2/3 av årsavdråtten i setertida, og i eit vinterland var det avgjerande å kunne foredle mjølka til lagringsprodukta smør og ost, mat som kunne lagrast og brukast gjennom vinteren. Framleis er utmarksbeitet svært viktig som grunnlag for mjølkeproduksjon om sumaren, sjølv om mjølka i dag som oftast blir henta av TINE (eit samvirkeselskap som er eigd av mjølkeprodusentar som leverer mjølk til selskapet) på setra og køyrd til meieria . Om lag 10 % av seterbrukarane driv med eiga foredling av ulike mjølkeprodukt og sel direkte til forbrukarane.
På setra finnes både hus for folk og fe. Frå gammalt av har det vore vanleg med både størhus (seterhus) der folka held til, fjøset, høyløe og andre hus til ulik bruk og ulikt arbeid. Eit viktig hus var mjølkebua der mjølkeprodukta vart syrna og lagra. Denne kunne vera eit rom i størhuset, eller bygd som ein eigen bygning. På mange av setrene er framleis dei gamle husa teke vare på medan på andre setrer er det bygd nye hus, anten med moderne løysingar eller heldt i tradisjonell stil.
På setra finn ein ofte særskilde reiskapar til mjølkeforedlinga som er produsert for hand i treverk og kan vere frå gammal tid. Budeia visste at mykje låg i treverket og mjølkesyrekulturar. Kvart reiskap vart nytta til eit spesifikt føremål, smørbutt berre til smør, pultostfat berre til pultost, og ein skilde mellom søtost og surost-former. Budeia visste og at trehyllene ostane låg på var avgjerande. Når ei ung budeie skulle bygge nytt hus/sel med ostebu, var ei godt bruk ostehylle med god kultur ein av de beste gåvene ho kunne få. Andre typiske reiskapar som ein finn på setra er separator og kinne, gryter, takker og kakejern til å steike bakels/vaflar med. På dei av setrene som driv med foredling, er desse gamle reiskapane framleis i bruk og ostekulturane framleis i live.
Andre uttrykk som er del av tradisjonen er lokk og song, og ku-, bukke- og trehornmelodiar, historieforteljing og ritualar. Nokre budeier vil sei frå at dei kjem til setra til huldrefolket; desse overnaturlege vesena vil då forlata gardane, men bli i nærmiljøet, og straffa dei som oppfører seg dårleg mot dyr.
Setra ligg i utmark, men er avgrensa at eit gjerde som skil setervangen/setervollen frå dei omkringliggande areala. Det vanlege er at beitedyra går i utmark på dagtid. Etter mjølketid om kvelden, kan dyra anten stå inne i fjøset til neste mjølking morgonen etter eller gå fritt ute på beite. Dei fleste av setrene har i dag mjølkemaskin medan på enkelte setrer blir kyrne framleis handmjølka. Setervollen blir anten slått eller beita.
Beiting og slått over lang tid har gjeve eit spesielt rikt biologisk mangfald som er karakteristisk for seterlandskapet. I dag er fleire av slått- og beiteartane som vi finn på setervollane raudlista, og fortsett drift er avgjerande for kulturlandskapet og det biologiske mangfaldet.

Mange setre har og lange tradisjonar innan reiseliv og friluftsliv. Setertradisjonane er ei "gullgruve" å ause av, ord som autentisk og eksotisk passar godt, og det er eit stort mangfald gjennom lokale og regionale variantar og ulike produkt. Dette er eit fantastisk utgangspunkt for både produksjon og formidling.

Utøvere med høy kompetanse

Den viktigaste kompetansen om seterdrifta sit hos budeier som har vore mange somrar på setra. Budeiene kjenner åtferda til dyra, og er gode på handsaming av både dyra og mjølka. Hjå dei som driv med eigen foredling av mjølka, er det naudsynt med ekstra god kunnskap om mathygiene og framstilling av mjølkeprodukt med lange tradisjonar, gjennom mange generasjonar. Det er og viktig å halde skigardar i stand og vøle husa på setra. Dette er i vesentleg grad handboren kompetanse.

Kunnskapsoverføring

Overføring av kunnskap om seterdrifta går i arv frå generasjon til generasjon, ofte frå ein eldre til ein yngre person. Tradisjonelt er det dei eldre budeiene som har lært opp dei yngre, som gjerne er med på setra frå dei er born. Men med åra har dette utvikla seg til å gå begge veger, på tvers av generasjonar og familiar. Mykje av kunnskapsoverføringa i dag går dessutan føre seg som kursverksemd på setrene der det er med folk med ulik bakgrunn og kompetanse.

Historisk bakgrunn

Stølsdrifta har vore - og er - ein integrert del av norsk landbruk, dvs. i første rekkje mjølkeproduksjon med ku og geit. Støling eller setring er ein eldgamal haustingskultur, kanskje like gamal som gardsdrifta her i landet. Arkeologiske funn m.a. i fjelldalar i indre Sogn fortel om setring allereie i eldre jernalder, på 600-talet. Når det heile starta er ikkje dokumentert, men skålgropsteiner og pollenanalysar i stølsområde fleire stader i landet vitnar om fleire tusen år med husdyrbeiting. I lovene som vart utforma på 1100-talet, er seterdrifta regulert. Den som ikkje førte buskapen til seters, kunne bli straffa.

Plan for videreføring

Stølsdrifta i Norden, som elles i Europa, har gått sterkt attende - men vi er likevel framleis eit kjerneområde for denne felleseuropeiske driftsforma. Kring 1850 var det kanskje så mange som 100.000 setre i drift i Norge, i 1939 om lag 27.000. I 2022 var det om lag 900 setre i bruk, i Sverige langt færre.
Aktiv seterdrift held landskap og mangfald i hevd, noko som endrar seg raskt og blir borte for godt når drifta vert lagt ned. Seterdrifta blir først og fremst halden oppe av små og mellomstore mjølkeproduksjonsbruk, truleg har desse bruka i snitt om lag 15 kyr. I dei "tyngste" seterområda i Oppland er gjennomsnittsbuskapen 15-16 kyr, med ein gjennomsnittskvote på 70-80 tonn. Seterdrifta er avhengig av at slike bruk får levelege vilkår.
I Norge er bruk av økonomiske verkemiddel, som til dømes det statelege setertilskottet og dei regionale miljøprogramma, viktige og bidreg til meir aktivitet på setrene og har bremsa nedgangen av talet setrer i drift. Desse verkemidlane må styrkast ytterlegare. Det må og lagast betre ordningar i marknaden for stølsprodukt.
I Sverige har både seterbrukarane sjølve, forskarar og styresmakter og vore opptatt av og diskutert sikring av seterdrifta i lengre tid. Sverige innførte i 1995 eit tilskot for å sikra vidareføring av beite på seterbruk. Andre subsidiar rettar seg mot spesifikke mål som ljåslått, avl av gamle husdyrraser og kulokk. I 2006 starta eit program for biologisk mangfald med sikte på – i ånda til konvensjonen om biologisk mangfald – å vareta holistisk sedvane og tradisjonell kunnskap – inkludert seterdrift. Setermattradisjonar blir vidareførte av Sveriges ressurssenter for handverksmat.
Norsk Seterkultur, ein interesseorganisasjon for norske seterbrukarer, har mellom anna fått innført ein særskild merkeordning av setersmør. Merking av andre seterprodukt er og aktuelt og dette blir gjort for å auke medvitet om dette i marknaden. Både Norsk seterkultur, Norsk gardsost og enkeltsetrar har og kurs i stølsdrift og mjølkeforedling. Norsk Seterkultur byggjer for tida og eit nasjonalt nettverk av setrer tek i mot besøkjande.
Den norske regjeringsplattforma omfattar delmålet: «Sikre betre berekraft i landbruket gjennom auka bruk av beite i utmark, seterdrift, klimatilpassing, satsing på jord og etablering av eit nasjonalt senter for fjelljordbruk». I den samanhengen har fleire offentlege etatar studert økonomiske og juridiske verkemiddel som påverkar seterdrifta. Norsk Seterkultur har teke del i denne prosessen.
I 2018 starta Norsk Seterkultur i lag med den svenske søsterorganisasjonen Förbundet Svensk Fäbodkultur och utmarksbruk med ein nominasjon om innskriving av den felles nordiske seterkulturen i Unescos Representativ liste over menneskehetens immaterielle kulturarv.
Gjennom fleire spørjeundersøkingar på norsk side er det kartlagt og identifisert kva slags verdiar ved seterkulturen som er dei viktigaste hjå seterbrukarene sjølve og kva som er dei største utfordringane for at seterkulturen skal leve vidare. Det er også gjort samlingar og utferder i både Sverige og Norge for at vi skal bli betre kjende med kva som kjenneteiknar seterdrifta i begge landa.
Gjennom arbeidet om nominasjonen har dei to organisasjonane vorte samde om samarbeid på fleire felt, mellom anna ved å:
• Etablere arbeidsgrupper for å utvikla og vareta seterdrifta og arrangering av årlege temamøte.
• Samarbeide med bondeorganisasjonane og styresmakter for å betre dei økonomiske tilhøva for seterdrift.
• Organisere seterfestivalar i fellesskap og delta i fellesskap på seterutstillingar, til dømes i oste-VM i Noreg i oktober 2023 og Grüne Woche i Berlin.
• Utveksle erfaringar mellom seterbrukarane og andre land med utøvarar innan nomadisk beitekultur.
• Koordinere kursverksemd om mellom anna handverksmessig matproduksjon, musikk, vedlikehald av bygningar og ny teknologi for kommunikasjon og gjeting på setrene.
• Samarbeide med forskarar for å auka kunnskapen og forståinga for seterdrift betre.
• Dele og formidle gode døme på rekruttering i seterdrifta.
• Styrkja medvitet om seterdrift blant barn og unge, i samarbeid med museum, leirskular og setrer som er spesialisert på å ta imot besøkjande.
• Samarbeide med lokale historielag og museum om formidling av seterkulturen.

Kan du bidra med innhold til artikkelen? Foreslå bilder til bidraget eller foreslå forbedringer av tekst

Spørsmål og kommentarer

Opprop for skjerming av seterkulturen ved kutt i mjølkekvotar | Norsk seterkultur

[…] Norsk seterkultur er ein landsdekkande  interesseorganisasjon som arbeider for å take vare på stølskulturen Noreg. Vi arrangerer mellom anna fagsamlingar, gir faglege og politiske innspel, deltek i utval og drifter ein nettbasert seterrettleiar. Organisasjonen har eksistert i 20 år, og vi ser med stor uro på det dramatiske fråfallet av stølsbrukarar.  I 2018 var talet under 900, og stølskulturen er no definert som utrydningstruga (https://www.immateriellkulturarv.no/bidrag/setring-i-noreg/). […]

Legg igjen en kommentar