Korgtradisjonar i Noreg

I Norge har det tradisjonelt vore laga mange forskjellige typer korger i splitta materialer. Ein delte pinner for å gjere dei smidige nok, og jamne nok til å flette med. Frå naturen si side er ingen pinner like, så dei må bearbeides for å verte jamne og like nok til å setja saman til ei korg.
Denne bearbeidinga gjeres for hand, med kniv og eventuelt ein høvel. Framgangsmåten er ganske lik sjølv om ein kan bruke mange forskjellige materialer.

Skrevet av Hege. Sist oppdatert 10. oktober 2024. Vil du gjenbruke innholdet? Innholdet har begrenset gjenbruk

Om tradisjonen og kunnskapen

Teknikkar
Det er veldig mange forskjellige ord på dei forskjellige delane i korgene, og det er ikkje alltid like lett å skilje kva som er kva. Nokre gonger er kanskje uttrykk blanda, eller henta frå andre teknikkar.
Ein kan seia at i korgmaking driv me med to hovudteknikkar; fletting og binding.

Fletting består av å leggje eit tynnare materiale framom og bakom litt tjukkare materiale. Her kaller me ofte dei tjukkare for spiler, stakar eller stendarar. Dei utgjer reisverket i korgene. Flettematerialet vert oftast kalla for band.
Det er fletteteknikkane eg har hatt hovudfokus på i mitt prosjekt, og den typen korger eg har undersøkt mest.

Binding består av ein type tynnare bindingsmaterial som ein viklar rundt ein tjukkare kjerne. I tægerbinding vert kjernen kalla for støttetog (ei tog fleire tæger = bjørkerøter) og det ein viklar med vert kalla bindetog. Her i landet er det tægerbindinga som er den vanlegaste bindingsteknikken, men det har nok blitt bunde med halm og andre materiale også, noko som framleis er vanleg i Sverige for eksempel.

Forskjellige korgtyper:
Rammekorga er bygd opp på ein liggjande ring laga av ei grein, eventuelt to ringar, der den eine er ståande og dannar handtak. Ut frå ringane bygger ein opp korga med spiler som ein fletter på. Ein fletter frå kvar side av korga og avsluttar fletten på midten. Denne typen korg finst over heile verda i forskjellige variantar.
Her i landet kjenner me desse korgene som flisfat, kolfat, vombakorger og rassbaillkorger, og dei er laga i mange forskjellige materiale. Vombakorgene er laga i tæger av bjørk eller gran, medan flisfat og kolfat oftast er laga i selje, vier og hassel.
I Sverige lagar dei slike korger også i grankvister, desse kallast stavarkorger.

Kipa har som fellesnemnar at ho har botn i tre, og spiler som er festa i denne. Her er eit enormt mangfald av kiper med ulik storleik og form, med og utan hank, til å bere på ryggen og med handtak. Kipa er også laga i mange ulike material, som brakje (einer), selje, hegg, rogn og bjørk. Det vanlegaste er spiler av furu, men også kvister av bjørk, splitta greiner av brakje og selje er brukt, samt streng (ståltråd).
Kipa finst fleire stader i verda, i Tyskland heiter det kiepe og ser ut til å først å fremst vere ryggsekker/korger til ryggbering.

Korger med fletta botn kallar eg dei som har ein fletta botn der spilene i botnen utgjer stakane i korga. Dei finst i fleire variantar, som vedmeis, aktarkorg, snik og sponkorger. Dei er laga i selje, hassel, furu og hegg.
På aktarkorg, snik og vedmeis blir botnen fletta først, og så bøyer ein spilene frå botnen opp slik at dei blir spiler for flettverket i sidene. På sponkorger legg ein spona som utgjer botnen diagonalt og fletter dei i kvarandre – her treng ein altså ikkje fleire spon enn dei ein legg opp i botnen for å danne sidene. Sponkorger kan og flettast ved å legge inn nye spon som på dei andre korgene.

Utøvere med høy kompetanse

Hege Iren Aasdal
Samson Øvstebø

Kan du bidra med innhold til artikkelen? Foreslå bilder til bidraget eller foreslå forbedringer av tekst

Spørsmål og kommentarer

Legg igjen en kommentar