Den norske hardingfelemakartradisjonen

Hardingfelebygging har lange tradisjonar i Norge. Jaastad-fela frå Hardanger (datert 1651) er den eldste bevarte hardingfela vi veit om. Frå 1700-talet er det bevart fine instrument først og fremst av felemakarane Isak og Trond Botnen, og på denne tida spreidde hardingfela seg etter kvart frå Hardanger til folkemusikk- og instrumentmakartradisjonar andre stader i Norge.

Hardanger fiddle making has a long tradition in Norway. Beginning with the Jaastad-fele from Hardanger - the earliest known extant Hardanger fiddle dated 1651, and Isak and Trond Botnen`s fine instruments, the Hardanger fiddle has made its way in the 18th century from the Hardanger region into the folk music and instrument making tradition of other areas in Norway.

Skrevet av Wiebke. Sist oppdatert 20. oktober 2020. Vil du gjenbruke innholdet? Innholdet har fri gjenbruk

Om tradisjonen og kunnskapen

Hardingfela er eit tradisjonelt folkemusikkinstrument som har vore i bruk hovudsakleg i Sørvest-Norge, ikkje minst i Hallingdal, Valdres, Telemark, Setesdal, Numedal og på Vestlandet. Den vanlege fela (fiolinen) har vore det mest brukte folkemusikkinstrumentet i resten av landet. Hardingfela vert ofte brukt til dansespel, akkompagnert av kraftig rytmisk fottramp, men òg i konsertar og folkemusikk-konkurransar (kappleikar). Tradisjonelt var instrumentet brukt solistisk, men i dag er det òg vanleg med spelemannslag (gjerne med fleire feler som spelar unisont) og samspel med andre instrument og/eller song. Tidlegare var det vanleg at hardingfelespelemannen gjekk i spissen for brurefølgjet og spelte bruremarsjar. Hardingfeleslåttane (slått = instrumentalt folkemusikkstykke) vert vanlegvis lært utan notar. På 1900-talet inspirerte hardingfela òg komponistar, som Johan Halvorsen og Geirr Tveitt, som skreiv to konsertar for hardingfele og orkester. Utanfor Norge finst det m.a. hardingfelespelarar i USA, Japan, Sverige og Storbritannia.
Hardingfela har ei form som liknar på fiolinen, men gjerne eit noko høgare og tynnare lok, ofte med f-hol som er skorne ut slik at sidene nesten overlappar. I tillegg til dei fire vanlege felestrengene har hardingfela fire, fem eller fleire resonansstrenger som ligg under gripebrettet, og som gir instrumentet den typiske, rike klangen.
I staden for ei snekke har hardingfela som oftast eit utskore løvehovud (den norske heraldiske løven), eller nokre gonger eit drage-, dyre- eller kvinnehovud. Instrumenta er vanlegvis vakkert utsmykka med innlegg av perlemor og bein (og stundom metall) på gripebrett, strengehaldar og stemmeskruar, nokre gonger òg langs kanten av instrumentet. I tillegg er hardingfelene oftast rikt dekorerte med svarte tusjteikningar i tradisjonelle norske mønster (rosing) på kroppen og skruekassa.
Overstrengene vert på hardingfela kalla bass, ters, kvart og kvint. Sjølv om det er mange moglege stemmingar (felestille), alt etter kva for slått ein speler, er det vanlegaste stillet for hardingfela a - d1 - a1 - e2, og h - d1 - e1 - f#1 - a1 for understrengene. Dette ut frå kammertone a1 som på vanleg fiolin, men hardingfela har som oftast kammertone ein heil tone høgare, og då kling overstrengene h - e1 - h1 - f#2, og understrengene c#1 - e1 - f#1 – g#1 - h1.
Hardingfelestrenger er laga av sauetarm eller sølvomspunnen tarmkjerne. Dei er tynnare og lettare enn moderne fiolinstrenger og liknar meir på barokkfiolin-strenger. E-strengen er oftast laga av sølvstål, som understrengene, men fram til tidleg på 1900-talet vart ein tynn tarmstreng for det mest brukt som e-streng. Rudi Musikk i Valdres har laga hardingfelestrenger med merket “Fanitullen” i meir enn hundre år. Felestrenger vert òg laga på verkstaden for hardingfelebygging og -reparasjon ved Ole Bull Akademiet på Voss, med merkenamnet “Mosafinn”.
På hardingfele speler ein tradisjonelt i første posisjon. Stolen på hardingfela er relativt flat samanlikna med den meir avrunda fiolinstolen. Dette gjer det lettare å spela på to eller til og med tre strenger samtidig. Det vert brukt lettare strøk enn på fiolin. Korte og helst konvekse bogar vart brukt tidlegare, men i dag nyttar ein vanlege moderne fiolinbogar, som er lengre og har konkav profil.
Som den klassiske fiolinen vert hardingfela i våre dagar bygd rundt ei indre form, som vert laga ut frå ei teikning av ei fele eller ein fiolin. Moderne hardingfelemakarar frå seint 1800-tal fram til i dag har følgt modellar frå 1700-tals italienske fiolinar av fiolinmakarar som Antonio Stradivari, Giuseppe Guarneri del Gesù eller Nicolò Gagliano. Hardingfeler laga før midten av 1800-talet har ofte ein mykje rundare og smalare kropp enn ein fiolin.
Feleloket vert skore ut av gran, medan botnen og sargane vert laga av lønn, norsk svartor eller – på nokre eldre feler – av bjørk. Gran- og svartormaterial av høg kvalitet finst i Norge, men lønnetre vert rekna for å vera av betre kvalitet i Sør-Europa, og vert difor ofte kjøpt i land som Bosnia eller Italia. Halsen og skruekassa vert vanlegvis skorne ut av same material som botnen.
For innlegg på gripebrett og strengehaldar vert små fordjupingar skorne ut i ibenholt-emnet, og dei små intarsia-bitana av perlemor eller bein vert saga ut og tilpassa ved pussing eller filing.
Som dei siste hundreåra, vert dei fleste av desse arbeidsstega i våre dagar utførte med tradisjonelle verktøy som handhøvlar, stemjern og holjern, knivar, siklingar osv. I dag vert òg handopererte maskinar, som bandsag, pussemaskin eller fresemaskin stundom nytta.
I 2013 initierte Ole Bull Akademiet og Hardanger og Voss Museum prosjektet Hardingfela.no for å promotere og styrke norske tradisjonar relaterte til hardingfela. I samband med delprosjektet Framtids-Felemakeriet kjøpte Ole Bull Akademiet ein datastyrt CNC-fres i 2017, og felemakarstudenten Ole Gjerde har arbeidd med å produsere digitale 3D-modellar av hardingfeler for å lage delar som lok, botn, hals, gripebrett og strengehaldar til hardingfeler med denne maskina. Dei første prøvedelane er alt laga, og det er bana veg for masseproduksjon av hardingfeler, spesielt for barn. Dette er eit viktig steg, sidan det er etterspurnad etter hardingfeler for barn, og tilgang på rimelege instrument vil på sikt sannsynlegvis styrka rekrutteringen til folkemusikken på hardingfele.
På den andre sida er synet vårt på tradisjonar og handverksferdigheiter som uløyselege delar av den kulturelle arven vår i endring, og hardingfelebygging bør sjåast på som ein bevaringsverdig tradisjon av høgt kulturelt verde. Det er ikkje berre eit handverk, men òg eit kunstnarleg uttrykk, og bør vernast om som ei slik uttrykksform. Ved å bruka meir og meir datastyrte maskiner står individualiteten til instrumenta og deira høge kulturelle verde som symbol på framifrå norsk handverk i fare for å gå tapt. Men er det ikkje ein av dei viktigaste eigenskapane til hardingfelene at kvar av dei er unike? Difor er det nødvendig å styrke og støtte den parallelle utviklinga av handlaga hardingfeler basert på tradisjonelle byggeteknikkar.
Det er svært viktig å overføre erfaring i hardingfelebygging frå ein person til ein annan ved å vise korleis bygginga vert gjort for hand. Ein kunne hevda at om vi dokumenterer kvart arbeidssteg nøyaktig, kan vi bevare kunnskapen om hardingfelebygging for framtida. Og det er eit slikt prosjekt undervegs ved Ole Bull Akademiet no, med ein grundig stegvis dokumentasjon av arbeidsmåten til Sigvald Rørlien i bokform, ført i pennen av studieleiar Håkon Asheim. Men instrumentbygging er òg eit intuitivt arbeid, og å dokumentere arbeidsteknikkar er kan hende ikkje nok. Vi står i fare for å miste forståinga for det vi held på med og kjensla for materialet og treet sine kvalitetar om vi ikkje gjer arbeidet sjølve.

The Hardanger fiddle is a traditional folk instrument, which is played mainly in the southwest of Norway, especially in the regions Hallingdal, Valdres, Telemark, Setesdal, Numedal and Vestlandet. The violin ("vanlig fele") is played as folk music instrument mostly in other Norwegian areas. The Hardanger fiddle is often used for dance music and entertainment, accompanied by rhythmic loud foot stomping, but also in concerts and folk music competitions ("kappleik"). Traditionally it was played as solo instrument, but nowadays it is also used in groups of several fiddlers playing in unison ("Spelemannslag") or in combination with other musical instruments such as the accordion ("trekkspill/torader") and double bass or with vocals. In the past, a Hardanger fiddle player also used to lead wedding processions. The Hardanger fiddle tunes are usually handed down aurally. In the 20th century the Hardanger fiddle also inspired contemporary composers, such as Johan Halvorsen and Geirr Tveitt, who wrote two concerts for Hardanger fiddle and orchestra. Outside of Norway, the Hardanger fiddle is also played in the US, Japan, Sweden and the UK.
The fiddle’s shape is reminiscent of the classical violin, but the Hardanger fiddle often has a slightly higher and thinner top, often with overlapping f-holes, which are carved out of the wood. In addition to the common four violin strings the fiddle has four, five or more sympathetic strings running under the fingerboard, which resonate while the instrument is played and give it its typical, rich sound.
Instead of a scroll Hardanger fiddles often have a carved lion`s head (the Norwegian heraldic lion), a dragon, a beast or sometimes a woman’s head. The instruments are usually beautifully decorated with mother of pearl, bone and metal inlays on the fingerboard, tailpiece, pegs and sometimes along the edges of the fiddle. In addition, the Hardanger fiddles are lavishly decorated with black ink drawings of traditional Norwegian flower patterns ("rosing") on the corpus and the peg box.
Even though there are many different possible tunings, depending on which tune the instrument is used for, the most common tuning of the Hardanger fiddle is a ("bass") d1 ("ters") a1 ("kvart") e2 ("kvint") and h - d1 - e1 - f#1 - a1 for the sympathetic strings (English notation: b - d1 - e1 - f#1 - a1). Since the Hardanger fiddle is a transposing instrument which is often tuned one whole tone higher than a violin the sound of the strings in relation to A=440 Hz is h - e1 - h1 - f#2 (English notation: b - e1 - b1 - f#2) and c#1 - e1 - f#1 - g#1 - h1 (English notation: c#1 - e1 - f#1 - g#1 - b1) for the sympathetic strings.
Hardanger fiddle strings are made of ram gut or silver wound gut core. They are thinner and lighter than those of a modern violin and resemble rather Baroque violin strings. The E-string is most often made of silver-steel, as are the sympathetic strings, but until the beginning of the 20th century a thin ram gut was mostly used for the E-string. Hardanger fiddle strings by Rudi Musikk in Heggenes have been made for more than a hundred years under the brand name “Fanitullen”. Fiddle strings are also produced at the Hardanger fiddle making and repair workshop of the Ole Bull Academy in Voss under the brand name “Mosafinn”.
The fiddle is traditionally only played in the first position. The bridge of a Hardanger fiddle is relatively flat, compared with the more rounded bridge of a violin. This makes it easier to play on two or even three strings simultaneously. The bowing style is lighter than on an ordinary violin. Short and rather convex bows were used in the past, but nowadays ordinary violin bows, which are longer and rather concave, are more common.
Like the classical violin, the Hardanger fiddle is nowadays built around an inner mould, which is made after a drawing of a fiddle or a violin. The modern Hardanger fiddle makers of the late 19th century down to the present day used to follow the model of early 18th century Italian violins by makers such as Antonio Stradivari, Giuseppe Guarneri del Gesù or Nicolò Gagliano. Hardanger fiddles made before the middle of the 19th century often have a much rounder and narrower body than a violin.
The top of the fiddle is carved out of spruce, while the bottom and the ribs are made of maple, Norwegian black alder or - in some older fiddles - of birch wood. Spruce and black alder wood of high quality can be found in Norway, whereas the quality of maple wood is thought to be better in the South of Europe. It is therefore often bought in countries such as Bosnia or Italy. The neck and pegbox are usually carved from the same material as the bottom.
For the inlay, small indentations are cut out of a piece of ebony for the fingerboard and tailpiece and the small intarsia of mother of pearl or bone are sawn out and fitted by sanding or filing.
As in the last centuries most of these work steps are nowadays done by hand with traditional tools such as hand planes, chisels and gauges, knives, scrapers etc. In some cases, also hand-operated machines, such as bandsaw, belt sander or milling machine are used today.
In 2013 the Ole Bull Academy and the Hardanger and Voss Museum launched the project "Hardingfela.no" to promote and strengthen Norwegian traditions related to the Hardanger fiddle. In the course of the sub-project "Framtids-Felemakeriet" the Ole Bull Academy has in 2017 purchased a computer-controlled CNC-router and the Academy’s fiddle making student Ole Gjerde has been engaged in producing digital 3D-modells of Hardanger fiddles in order to make parts such as top, bottom, neck, fingerboard and tailpiece of Hardanger fiddles with this machine. First test pieces are already finished and the way to a mass production of Hardanger fiddles, especially for children has been paved. This is an important step since Hardanger fiddles for children are in demand and the availability of affordable instruments will in the long run very likely encourage folk music played on Hardanger fiddles.
However, our approach towards traditions and craftsmanship as an indispensable part of our cultural heritage is changing and Hardanger fiddle making needs to be considered as a tradition of high cultural value, worthy of preservation. It is not only a craft but also a form of artistic expression and should be protected as such. By using increasingly computer-controlled machines the individuality of the instruments and their high cultural value as a symbol of extraordinary Norwegian craftsmanship is in danger to get lost. But is it not one of the most significant features of Hardanger fiddles, that each of them is unique? For this reason it is necessary to strengthen and support a parallel development of hand-made Hardanger fiddles based on traditional building techniques.
It is very important to pass on our experience in Hardanger fiddle making from one person to another by showing how things are made by hand. One could argue that, if we document every work step precisely, we can keep the knowledge of Hardanger fiddle making for the future. And there is indeed a book project running at the Academy right now, comprising a thorough step by step documentation of Sigvald Rørlien’s work by study leader Håkon Asheim. But musical instrument making is also an intuitive work and documenting working techniques may not be enough. We are in danger of losing the ability to understand what we do and the feeling for the material and the quality of the wood, if we don’t do the work ourselves.

Utøvere med høy kompetanse

I ein del år har det vore nedgang i talet på aktive hardingfelemakarar, og det er berre nokre fåe att som held oppe denne verdfulle tradisjonen i Norge. Berre to av desse felemakarane (Ottar Kåsa og Salve Håkedal) er sine eigne arbeidsgjevarar og i stand til å leve av arbeidet med hardingfeler. Ottar Kåsa er ein framgangsrik felespelar i tillegg. Alle dei andre hardingfelemakarane arbeider for offentlege institusjonar, og er difor delvis støtta av Staten.
I tillegg til å lage nye instrument er reparasjon og vedlikehald av hardingfeler ein viktig del av det daglege arbeidet til felemakaren. Felemakarane er vanlegvis heile tida i dialog med musikarane dei arbeider for.

Felemakarar:

Ottar Kåsa (Bø, Telemark):
Ottar Kåsa (fødd 1983) er spelemann og felemakar, opprinneleg frå Arabygdi, men no busett i Bø i Telemark. Han begynte som hardingfelemakarstudent hjå Sigvald Rørlien ved Ole Bull Akademiet i 2005, og fullførte studiane der i 2008. Han har elles sanka kunnskap hjå fleire felemakarar, mellom andre Salve Håkedal, Wim Baeck, Alexander Pilz og Harald Lund. Sidan 2009 har han hatt eigen verkstad i Bø i Telemark, og har til no laga kring 29 hardingfeler, i tillegg til reparasjons- og riggearbeid. Som spelemann har han gitt ut to soloplater med hardingfelespel; "Ottar Kåsa" i 2012 og "Kjoskrullen" i 2016, der han spelar på sjølvbygde instrument.

Keisuke Hara (Japan):
Keisuke Hara (fødd i Japan i 1986) er utdanna fiolinmakar frå Newark (2007-2011). Etter utdanninga hadde han jobb som fiolinmakar i Japan i 4 år, og utførte mange reparasjons- og restaureringsoppdrag på instrument i fiolinfamilien. Han har seinare også gått i lære hjå fiolinmakar Stepan Soultanian på Kypros. I to år, frå 2015 til 2017, har han gått i lære hjå hardingfelemakar Ottar Kåsa, og opna hardingfele-/fiolinverkstad i Japan i 2018. Han har til no laga 9 fiolinar, 1 bratsj og 3 hardingfeler.

Knut Opheimsbakken (Valdres Folkemuseum, Fagernes):
Knut Opheimsbakken (fødd 1957) starta opp som felemakar i 1993, med noko rettleiing av Olav Viken på instrumentverkstaden på Valdres Folkemuseum. Han har arbeidd på Valdres Folkemuseum frå 1997, delar av tida saman med Oddrun Hegge og Sigvald Rørlien. Den omfattande praksisen i reparasjon og bygging av instrument han har fått der utgjer hovuddelen av utdanninga hans som felemakar. Han har til saman laga ca. 40 hardingfeler, 1 langeleik og utfører kring 50 reparasjonsoppdrag kvart år. Frå 2001 har han laga hardingfelestrenger – “Fanitullen” strenger – for Rudi Musikk.

Bård Riise Hoel (Valdres Folkemuseum, Fagernes):
Bård Riise Hoel (fødd i Oppdal i 1979) fekk opplæring av Sigvald Rørlien på Ole Bull Akademiet 2006-2009. Han dreiv verkstaden på Ole Bull Akademiet i eitt år (2010) før han opna eigen verkstad i Åseral (Vest-Agder), som han dreiv frå 2011 til 2013. Frå sommaren 2013 har han arbeidd ved Valdresmusea. Han har også hatt kortare opplæring i Potsdam hjå viola da gamba- og fiolinmakarane Valentin Oelmüller og Peter Volkmer. Han har for det meste arbeidd med reparasjon og restaurering av instrument, men har òg laga seks hardingfeler og diverse andre instrument. Han har laga hardingfelestrenger for både “Fanitullen” og “Mosafinn”.

Salve Håkedal (Birkeland, Aust-Agder):
Salve Håkedal (fødd i Birkeland, Aust-Agder i 1958) laga si første hardingfele på sommarkurs med Sverre Sandvik i 1985. Han er langt på veg autodidakt, og har skaffa seg kunnskap i samvær med andre felemakarar, ved å lese fiolinmakarlitteratur og ved å studere og delvis kopiere feler av til dømes Sveinung Gjøvland, Torleiv Frøyså, Gunnar Røstad og Erik og Olaf Helland. I siste halvdel av 1990-talet laga han fleire fiolinar og bratsjar enn hardingfeler, ved sida av reparasjonsarbeid på eigen verkstad og for Urs Wenk-Wolff og Sevald Bismo ved Hornaas Musikk i Oslo. På 2000-talet byrja han å laga fleire hardingfeler att, og utvikla etter kvart sin eigen modell. Han nyttar ofte relativt sparsam dekor, for å halde prisen på instrumenta sine nede.

Sigvald Rørlien (Ole Bull Akademiet, Voss):
Sigvald Rørlien (fødd i 1946 på Voss) har frå 2004 vore tilsett som felemakar ved Ole Bull Akademiet på Voss. Han har vore aktiv som felemakar sidan 1970-talet, då han byrja i lære hjå Anders Aasen i Eidfjord. Sidan har han lært felemakarkunsten av mange andre. Ei tid arbeidde han mykje saman med den svenske felemakaren Hans Lisper, og var m.a. på studietur til Cremona saman med han. Rørlien har laga kring 70 hardingfeler, der han for det meste har brukt hardingfelene som Gunnar Røstad laga tidleg på 1900-talet som modell. 1993–2004 var han tilsett ved Valdres Folkemuseum som felemakar, saman med Olav Viken, Knut Opheimsbakken og Oddrun Hegge, samtidig som han har hatt eigen verkstad på Voss. Ottar Kåsa og Bård Riise Hoel (sjå eigne omtalar) hadde båe 3 års studieopphald hjå Rørlien som viktigaste felemakaropplæring. I 2014 starta Ole Bull Akademiet opp eit studietilbod i hardingfelebygging i samarbeid med Universitetet i Bergen, med Sigvald Rørlien som hovudlærar og Ole Gjerde (sjå eigen omtale) som første student. Rørlien vil sannsynlegvis gå av med pensjon i 2018.

Wiebke Lüders (Ole Bull Akademiet, Voss):
Wiebke Lüders (fødd 1979 i Tyskland) er instrumentkonservator spesialisert på musikkinstrument av tre, utdanna ved Akademie der bildenden Künste i Wien. Ho har arbeidd som frilans konservator i Wien i mange år, og hadde eit 1 1/2 år langt stipendopphald ved konserveringsavdelinga på Metropolitan Museum of Art i New York, der ho fokuserte på konservering av historiske cembalo. 2014-2015 fekk ho opplæring hjå viola da gamba-makarar i Tyskland (Valentin Oelmüller) og Nederland (Gesina Liedmeier). Wiebke vart fascinert av hardingfela under eit arbeidsopphald ved Ringve Museum i Trondheim i 2008, og interessa voks då ho besøkte Salve Håkedals verkstad og verkstaden ved Ole Bull Akademiet på Voss i 2015. Sidan ho vart tilsett på instrumentverkstaden til Ole Bull Akademiet i januar 2016 har ho spesialisert seg på å reparere, konservere og byggje hardingfeler. Ho har laga hardingfeler sidan 2016, med Sigvald Rørlien som rettleiar.

Ole Gjerde (Ole Bull Akademiet, Voss):
Ole Gjerde (fødd 1976) har sidan 2014 vore student hjå Sigvald Rørlien på Ole Bull Akademiet, og avsluttar våren 2018 sin bachelorgrad i tradisjonsmusikk med spesialisering i hardingfelebygging, som den første i landet. Gjerde har ein variert bakgrunn frå ingeniøryrket, design og produktutvikling. Han var vinteren 2016/17 tilsett hjå Ole Bull Akademiet der han forska på bruk av 3D-modellering og CNC-basert utstyr (computer numerical control) i hardingfelebygging. Han etablerte i 2017 felemakakarverkstaden Gjerde Felemakeri AS i Strandebarm i Hardanger, og har engasjert seg i å utvikle gode barneinstrument som kan vere overkommelege i pris. Den nye verkstaden driv og med anna trearbeid (design og prototypebygging).

Ved sida av felemakarane som er nemnde er det nokre personar som lagar hardingfeler, men som ikkje ser det som hovudyrket sitt.
Det er også nokre hardingfelemakarar i USA, og på internett kan ein finne ein del billege masseproduserte hardingfeler frå Kina.

For some years there has been a decrease in the number of active Hardanger fiddle makers and only a few fiddle makers are left to keep up this valuable tradition in Norway. Only two of those fiddle makers (Ottar Kåsa and Salve Håkedal) are self-employed and able to live solely by their work with Hardanger fiddles. Ottar Kåsa is a very successful Hardanger fiddle player as well. All the other fiddle makers work for public institutions, and are therefore partly supported by the state.
Apart from making new instruments, the repair and maintenance of Hardanger fiddles is an important part of the fiddle maker’s daily work. The fiddle makers are usually in constant exchange with the musicians they are working for.

Fiddle makers:

Ottar Kåsa (Bø, Telemark):
Ottar Kåsa (born in 1983) is a Hardanger fiddle player and maker, who grew up in Arabygdi, but lives now in Bø, Telemark. He started as a fiddle making student with Sigvald Rørlien at the Ole Bull Academy in 2005, where he completed his studies in 2008. Besides he has been learning from several Hardanger fiddle makers, Salve Håkedal, Wim Baeck, Alexander Pilz and Harald Lund among others. Since 2009 Ottar has had his own workshop in Bø in Telemark and has until now made about 29 Hardanger fiddles in addition to repair and set up work. As Hardanger fiddle player he has released to CD’s with Hardanger fiddle music: “Ottar Kåsa” in 2012 and “Kjoskrullen” in 2016, on which he is playing on an instrument that he has built himself.

Keisuke Hara:
Keisuke Hara (born in Japan in 1986) is a violin maker, who was trained in Newark from 2007 to 2011. Afterwards he was working for four years as violin maker in Japan, where he became chief of the workshop and did a lot of repair and restoration work at instruments of the violin family. He also took training with violinmaker Stepan Soultanian in Cyprus. From 2015 to 2017 Keisuke learned Hardanger fiddle making, repair and restoration from Ottar Kåsa. He opened a Hardanger fiddle and violin workshop in Japan in the beginning of 2018. He has made 9 violins, one viola and 3 Hardanger fiddles so far.

Knut Opheimsbakken (Valdres Folkemuseum in Fagernes):
Knut Opheimsbakken (born in 1957) started Hardanger fiddle making at home in 1993, with some instructions by Olav Viken at the workshop of the Valdres Folkemuseum. He has been working at the Valdres Folkemuseum since 1997 together with Oddrun Hegge and Sigvald Rørlien and got valuable repair and instrument making practice there as the main base of his education. He has altogether made ca. 40 Hardanger fiddles, 1 langeleik and does about 50 repair jobs each year. Since 2001 he has been making strings for Hardanger fiddles – “Fanitullen” strings for Rudi AS.

Bård Riise Hoel (Valdres Folkemuseum in Fagernes):
Bård Riise Hoel (born in Oppdal in 1979) was trained by Sigvald Rørlien at the Ole Bull Academy in 2006-2009. He ran the workshop at the Ole Bull Academy for a year (2010) before starting his own workshop in Åseral (Vest-Agder), which he was running from 2011 to 2013. Bård started working at Valdresmusea in summer 2013. He also received some training in Potsdam, Germany with the Viola da Gamba and violin makers Valentin Oelmüller and Peter Volkmer. He has mostly been working with repairs and restoring instruments, but has also made six Hardanger fiddles and various other instruments. He has been making Hardanger fiddle strings for both “Fanitullen” and “Mosafinn”.

Leif Salve Håkedal (Birkeland, Aust-Agder):
Salve Håkedal (born in Birkeland, Aust Agder in 1958) made his first fiddle at a summer course with Sverre Sandvik at the Rauland Folkeakademi in 1985. There were no professional fiddle makers in his area. As an autodidact he acquired his knowledge by making contact with amateur fiddle makers, reading violin making literature in different languages and studying, drawing and copying Hardanger fiddles by other fiddle makers, such as Sveinung Gjøvland, Torleiv Frøyså, Eirik and Olav G. Helland. In the last half of the 90ies he made more violins and violas than Hardanger fiddles, alongside with repair work in his own shop and for Urs Wenk-Wolff and Sevald Bismo at Hornaas Musikk in Oslo. Into 2000 he borrowed a Røstad Hardanger fiddle from 1921 and made "copies" of it. Nowadays he is making fiddles of his own model. Salve tries to reduce somewhat the lavish decoration that has become traditional on Hardanger fiddles, which makes for a more affordable price.

Sigvald Rørlien (Ole Bull Akademiet Voss):
Sigvald Rørlien (born in 1946 in Voss) has been working as a Hardanger fiddle maker for Kringsjå A/S, an operating company of the Ole Bull Academy, since 2004. He was trained by Anders Aasen in Eidfjord and has been active as a fiddle maker since the 1970s. Since then he has been learning the art of fiddle making from many others and has together with the Swedish fiddle maker Hans Lisper undertaken a study tour to Cremona, the "Mecca of violin making" in Italy. He has made about 70 Hardanger fiddles, mostly after the model of Gunnar Røstad’s Hardanger fiddles from the beginning of the 20th century. For a period of ten years Sigvald was employed as a fiddle maker at the Valdres Folkemuseum, together with Olav Viken, Knut Opheimsbakken and Oddrun Hegge. At the same time he was running his own workshop in Voss. Sigvald is 71 years old and will very likely retire in 2018.

Wiebke Lüders (Ole Bull Akademiet Voss):
Wiebke Lüders (born 1979 in Germany) is a conservator of wooden musical instruments after studying at the Academy of Fine Arts in Vienna. She has been working as a freelance conservator in Vienna for several years and had a 1 1/2-year-long scholarship at the Conservation Department of the Metropolitan Museum of Art in New York, where she focussed on the conservation of historical harpsichords. From 2014-2015 she has been trained by viola da gamba makers in Germany (Valentin Oelmüller) and The Netherlands (Gesina Liedmeier). Wiebke became fascinated by Hardanger fiddles during an internship at the Ringve Museum in Trondheim in 2008 and her interest grew when she visited Salve Håkedal’s workshop and the workshop at the Ole Bull Academy in Voss in 2015. Since she started to work at the Academy's fiddle making workshop in January 2016 she has been specialising in the repair, conservation and making of Hardanger fiddles. With Sigvald Rørlien as a teacher she has been making Hardanger fiddles since 2016.

Ole Gjerde (Ole Bull Akademiet Voss):
Ole Gjerde (born February 2, 1976) has been Sigvald Rørlien’s student at the Ole Bull Academy since 2014 and is going to complete his bachelor degree in traditional Norwegian music and Hardanger fiddle making in 2018. Subject of his performance studies is the "torader" (diatonic accordion). He has a varied background as engineer and has worked with design and product development before. In winter 2016/17 he was employed by the Ole Bull Academy to do research on using 3D-models and a CNC-router for making Hardanger fiddles. Now he is about to establish his own fiddle making workshop - Gjerde Felemakeri AS in Strandebarm in Hardanger and is engaged in the development of affordable high-quality children instruments. In his new workshop he is also occupied with other wood work (design and making of prototypes) for other markets.

Besides those mentioned fiddle makers, there are a few people, who are making Hardanger fiddles from time to time, but do not see it as their profession.
There are also a few Hardanger fiddle makers in the US and several cheap mass-produced fiddles from China can be found in the internet.

Kunnskapsoverføring

Dei siste hundreåra har hardingfelemakarhandverket vanlegvis vorte lært av ein læresvein direkte frå ein felemakar i verkstaden hans. Som med mange andre handverk er denne tradisjonelle måten å dele kunnskap på no i nedgang.
Ole Bull Akademiet på Voss gir sidan 2014 tilbod om å studere hardingfelebygging innanfor eit bachelorstudium i kombinasjon med norsk folkemusikk. Før det hadde akademiet to uformelle hardingfelemakarstudentar (Ottar Kåsa og Bård Riise Hoel) mellom 2005 og 2009, og det nye studietilbodet har så langt hatt éin student (Ole Gjerde), som tek avsluttande eksamen i 2018. I tillegg underviser Ottar Kåsa for tida ein elev frå Japan - fiolinmakar Keisuke Hara – i sin eigen verkstad i Bø over ein toårsperiode.
I tillegg tek verkstaden ved Ole Bull Akademiet imot besøk frå alle som er interesserte i hardingfela. Det er òg mogleg å ha arbeidsopphald nokre veker hjå felemakarane, og m.a. ein fiolinmakarstudent frå Milano hadde eit slikt månadslangt opphald ved verkstaden i 2016.
Dessutan vert det organisert verkstadbesøk for musikkstudentane som kjem frå andre norske høgskular til Ole Bull Akademiet på kurs nesten kvar veke.
Hardingfeleverkstaden ved Ole Bull Akademiet har òg vore med på handverksutstillingar som t.d. aktivitetsdagane på Voss Folkemuseum og ei hardingfeleutstilling i Granvin i 2017, og, som dei fleste andre hardingfelemakarane, annakvart år på Landskappleiken (ei årleg mønstring i FolkOrg, landsorganisasjonen for folkemusikk og –dans).
Også verkstadene til Salve Håkedal og Ottar Kåsa og instrumentverkstaden ved Valdres Folkemuseum er opne for besøk av hardingfeleinteresserte, og speler difor ei viktig rolle for overføringa av kunnskap.
Dessverre har det vore etter måten lita interesse for bachelorstudiet i hardingfelebygging ved Ole Bull Akademiet så langt.
Det kan vera fleire grunnar til mangelen på interesse for hardingfelebygging hjå den yngre generasjonen. Handverk og instrumentbygging som viktige kulturelle uttrykk får lita merksemd i samtida. Handverksskular som fanst tidlegare er lagde ned, og det er ingen fiolinmakarskular i Norge, noko som kunne ha inspirert studentar til å ta vidare utdanning i hardingfelebygging. Tradisjonen til dei store felemakerslektene tok slutt midt på 1900-talet, og fleire av felemakarane dei siste tiåra var relativt isolerte, ønskte ikkje å dele kunnskapen sin og tok difor ikkje imot elevar.
Ein annan grunn til mangelen på interesse for hardingfelebygging er nok dei låge prisane på nybygde feler. Hardingfeler er folkemusikkinstrument, og oppnår på langt nær så høge marknadsprisar som handlaga klassiske fiolinar. Dette trass i at byggjeprosessen med hardingfeler er mykje meir omstendeleg og tidkrevjande enn prosessen med fiolinbygging.

In the last centuries, the craft of Hardanger fiddle making has usually been taught by a fiddle maker in his workshop to his apprentice. As is the case with many other crafts this traditional way of knowledge sharing is declining.
As a public institution, the Ole Bull Academy in Voss has offered the opportunity to study Hardanger fiddle making as a bachelor degree course in combination with Norwegian folk music since 2014. Before that there have been two informal Hardanger fiddle making students (Ottar Kåsa and Bård Riise Hoel) from 2005 to 2009 and at present one student (Ole Gjerde) is being trained at the Academy’s workshop. He is expected to graduate in 2018. Furthermore, Ottar Kåsa has had a student from Japan - violin maker Keisuke Hara - in his own workshop in Bø for about two years.
Besides, the Ole Bull Academy’s fiddle workshop is welcoming visits by anyone who is interested in Hardanger fiddles. There is also the possibility to informally work with the fiddle makers for a few weeks and there has been a violin making student from Milano, who spent a month at the Academy’s workshop in 2016.
Moreover, there are workshop visits organised for the music students that are coming from other Norwegian universities to the Ole Bull Academy almost every week.
The Hardanger fiddle workshop of the Ole Bull Academy has also been present at crafts exhibitions such as the "aktivitetsdager" at the Voss Folkemuseum in 2017, a Hardanger fiddle exhibition in Granvin in September 2017 and, like most of the other Hardanger fiddle makers, every second year at the Landskappleik.
Also Salve Håkedal’s and Ottar Kåsa’s workshops as well as the Hardanger fiddle workshop at the Valdres Folkemuseum are open for interested visitors and therefore play an important role in the transfer of knowledge.
Unfortunately, there has been rather little interest in the Ole Bull Academy’s bachelor degree course in Hardanger fiddle making so far.
There are several reasons for the lack of interest in Hardanger fiddle making among young people. There is very little awareness for the cultural significance of craftsmanship and musical instrument making in Norway. Previously existing crafts schools, were closed and there aren’t any violin making schools in Norway, which could inspire students to pursue a further education in Hardanger fiddle making. The tradition of the great Hardanger fiddle making families ended in the mid-20th century and many of the fiddle makers of the last decades were rather solitary people, who did not wish to share their knowledge and therefore did not take any apprentices.
Another reason for the lack of interest in Hardanger fiddle making is certainly the disproportionately low price of newly built fiddles. Being folk instruments, Hardanger fiddles do not obtain nearly as high prices on the market as handmade classical violins. However, the process of Hardanger fiddle making is much more elaborate and time consuming than the making of a classical violin.

Historisk bakgrunn

Den eldste kjende eksisterande hardingfela vart etter tradisjonen laga av Ole Jonsen Jaastad (1621–1694) i Ullensvang, Hardanger i 1651 og er no utstilt på Universitetsmuseet i Bergen. Denne fela har ein nokså liten kropp med høg kvelving, og berre to understrenger, noko som var vanlegare i hardingfelas tidlege historie.
Isak Nilsen Botnen (1669–1759), fødd på garden Skår ved Fyksesundet i Hardanger, var ein av dei første kjende hardingfelemakarane som dreiv profesjonelt. Han laga feler med varierande tal understrenger, og også fiolinar. Eit utskore kvinnehovud i enden av skruekassa er typisk for instrumenta til Isak Botnen. Felene hans har ofte eit nokså kantete omriss.
Son til lsak, Trond Isaksen Botnen/Flatebø (1713-72) førte vidare felemakartradisjonen etter faren på ein framifrå måte, og skal ha bygd over tusen feler. Felene hans er ofte mindre og noko meir runda enn dei som faren laga. Instrumenta hans har ei snekke eller eit dyrehovud i enden av skruekassa. Trondafelene (som dei vert kalla) har for det meste lite eller inga rosing – ofte berre nokre fåe liner, trekantar eller prikkar langs kanten av kroppen og av og til eit geometrisk mønster midt på loket. Riktignok har nokre feler av Trond Botnen fargerike roseteikningar, men det er mogleg at desse ikkje vart laga av Trond sjølv, men av lokale rosemålarar i Valdres, der felene hans var svært populære. I staden for ibenholt til gripebrett og strengehaldar har dei eldre felene ofte eit lettare treslag som er svartmåla på utsida, med horn- eller beinplater limte på.
Konstruksjonen på dei tidlege hardingfelene skil seg frå den på meir moderne feler. Til skilnad frå den moderne hardingfela har dei eldre felene svært små eller ingen hjørneklossar, sargane har ikkje listar på innsida og bassbjelken er skoren ut av same trestykke som loket (i staden for å vera limt inn). I staden for å felle halsen inn i ein kloss inne i felekroppen, lét tidlegare felemakarar halsen gå eit godt stykke inn i instrumentet og limte han fast til ei tunge som var skoren ut av botnemnet.
Denne konstruksjonsmåten førte til relativt ustabile instrument, som snart tok til å slå seg på grunn av strengetrykket. Difor gjekk seinare felemakarar over til å følgje byggjemetoden for moderne fiolin, slik at dei fekk meir stabile instrument.
Som barokkfiolinane hadde dei tidlege hardingfelene ein relativt bein hals, medan halsen på seinare instrument skrår meir bakover. Eldre feler har ofte botn og sarg av svartor eller bjørk, treslag som veks i Norge. Halsen kan òg vere laga av svartor, men frukttre vart også nytta. Nokre eldre feler har lok av furu i staden for gran, som er det vanlege.
I midten av 1800-åra byrja hardingfela å utvikle seg nærare den klassiske fiolinen i omriss og indre konstruksjon. Instrumentet vart brukt meir og meir i større rom i staden for små stover som tidlegare.
Medan dei fleste hardingfelene av gamal type vart laga på Vestlandet, utvikla den meir moderne hardingfela seg i Telemark. Hardingfelemakar John Eriksen Helland (1790-1862) var grunnleggjaren av Helland/Steinkjønndalen-dynastiet av felemakarar i Bø, og sonen hans, Erik Johnsen Helland (1816-1886), spelte ei viktig rolle for utviklinga fram til hardingfela av i dag. Dottersonen Olaf G. Helland (1875-1946) vart ein av dei mest framståande felemakarane i nyare tid. Også nevøen til Erik, Knut Ellefsen Steinkjønndalen (1850-1902), laga svært gode hardingfeler.
Ein annan framifrå felemakar var Gunnar M. A. Røstad (1874–1947), som var fødd i Øvrebø i Vest-Agder og etablerte seg som felemakar i Kristiania. Der vart han påverka av felemakaren Anders Christensen Kleven, men òg av instrumenta til Erik Johnsen Helland. Røstadfelene var og er framleis i dag mellom dei høgast prisa instrumenta på hardingfelemarknaden.
Sidan Helland, Røstad og Steinkjønndalen laga hardingfeler av utmerka kvalitet, har instrumenta deira ofte vorte kopierte av seinare felemakarar heilt fram til i dag (slik fiolinar av Stradivari eller Guarneri vert kopierte av moderne fiolinmakarar). Lyden dei produserer er framleis det som dei fleste av dagens hardingfelespelarar ser etter. Men toneideal kan variere frå stad til stad og frå person til person. Difor er hardingfelemakarar mykje friare i handverksutøvinga si enn fiolinmakarar, og det er mykje større variasjon.
Når det gjeld dekor, har dei moderne hardingfelene for det meste utvikla ein relativt lik utsjånad, ofte etter modell av Olaf Helland eller Røstad, med variasjon i detaljar. Vanlegvis har gripebrett og strengehaldar innlegg av perlemor og bein i typiske norske hardingfelemønster. Løvehovudet er meir eller mindre standardisert, og kroppen er som regel rikt dekorert med roseteikningar i ulike mønster.
Sidan det også finst felespelarar som likar å spele på feler av gamal type, skulle ein tru at det vil vere eit behov for å byggje nye feler av denne typen òg. Dette har ikkje vore gjort så ofte dei siste tiåra, men vil vonleg auke på i framtida. Eit instrument etter modell av ei fele av Trond Botnen frå ca. 1750 vart nyleg laga på verkstaden ved Ole Bull Akademiet av Wiebke Lüders.

Litteratur:
Aksdal, Bjørn: "Felemakerne og instrumentets utvikling." Tapir Akademisk Forlag, Trondheim 2009
Aksdal, Bjørn et al.: "Hardingfeledekoren. Norsk folkemusikklags seminar på Rauland 2013." Novus Forlag, Oslo 2015
Aksdal, Bjørn og Nyhus, Sven: "Fanitullen. Innføring i norsk og samisk folkemusikk." Universitetsforlaget, Oslo 1993
Midtgaard, Kjell Chr.: "Hardingfelemakeren Gunnar Røstad." Utgitt av Kjell Chr. Midtgaard 1997
Midtgaard, Kjell Chr.: "Olaf G. Helland og felemakaerkunst i Telemark fram til 1960-årene." Scordatura Forlag 2016

The oldest known extant Hardanger fiddle was made by Ole Jonsen Jaastad (1621–1694) in Ullensvang, Hardanger in 1651. It is exhibited in the “Historisk Museum” in Bergen. This fiddle is rather small and rounded with a high arching and has only two sympathetic strings as it was common in the early times of Hardanger fiddle making.
Isak Nilsen Botnen (1669–1759), born in Skaar in Hardanger, was one of the first known Hardanger fiddle makers, who produced fiddles professionally. He made fiddles with differing amounts of sympathetic strings and built also violins. A carved woman’s head at the end of the peg box is typical for Isak Botnen’s instruments. His fiddles often have a rather angular outline.
Isak’s son Trond Isaksen Botnen/Flatebø (1713-72) successfully continued his father’s fiddle making tradition and is said to have built over a thousand fiddles. His fiddles are often smaller and slightly more rounded than those made by his father. His instruments have scrolls as well as lion’s or beast’s heads at the end of the peg box. Trond’s fiddles often have sparse “rosing” or none at all – mostly just a few lines, triangles or dots around the edge of the body and sometimes a geometrical pattern in the middle of the top. However, some fiddles by Trond Botnen show colourful flower drawings, but it is possible that they were not made by Trond himself but by local artists in Valdres, where his fiddles (“Trondafeler”) were very popular. Instead of using ebony for the fingerboard and tailpiece the older fiddles often have horn or bone plates glued on a lighter wood that is painted black on the outside.
The early Hardanger fiddles are constructed in a different way than the more modern fiddles. Unlike the modern Hardanger fiddle the older fiddles have very small or no corner blocks, the ribs have no linings and the bass bar is carved out of the same piece of wood as the top (instead of gluing it in). Instead of inserting the neck into a dovetail-shaped notch in an upper block, which is glued to top and bottom of the fiddle, the earlier fiddle makers used to let the neck run long into the instrument and glued it to a tongue that was carved out of the bottom.
This way of construction lead to relatively unstable musical instruments, which soon began to twist due to the string tension. Therefore later fiddle makers went over to follow the construction method of the Italian violins and built more stable instruments.
Like baroque violins the early Hardanger fiddles had a relatively straight neck, whereas the neck of later instruments is inclined backwards at a bigger angle. The older fiddles often have back and ribs made of black alder or birch – wood that can be found in Norway. The neck can be made of black alder as well, but also fruit wood was used. Sometimes the older fiddles have a top of pine wood instead of the more common spruce.
In the middle of the 19th century the Hardanger fiddle began to develop closer to the classical violin, in regard to outline and inner construction. Instead of being played in small chambers the instrument was used more and more in bigger settings.
Whereas most of the Hardanger fiddles of the early type were made in the Vestlandet region, the more modern Hardanger fiddle has developed in Telemark. Hardanger fiddle maker Jon Eriksen Helland (1790-1862) was the founder of the Helland/Steinkjønndalen dynasty of fiddle makers in Bø and his son Erik Johnsen Helland (1816-1886) has played an important role in the development of the Hardanger fiddle towards what it is today. His grandson Olaf G. Helland (1875-1946) has become one of the most outstanding fiddle makers of modern times. Also Erik’s nephew Knut Ellefsen Steinkjønndalen (1850-1902) made excellent Hardanger fiddles.
Another brilliant Hardanger fiddle maker was Gunnar M.A. Røstad (1874–1947), who was born in Øvrebø in Vest-Agder and became a fiddle maker in Christiania. There he was influenced by fiddle maker Anders Christensen Kleven, but also by Erik Johnsen Helland’s instruments. Røstads fiddles were and are still today amongst the most highly priced instruments on the Hardanger fiddle market.
Since Helland, Røstad and Steinkjønndalen built Hardanger fiddles of excellent quality their instruments have often been copied by later fiddle makers until the present day (as are violins by Stradivari or Guarneri by modern day violin makers). The sound they are producing is still what most of the current Hardanger fiddle players are looking for. However, sound ideals can differ from place to place and from person to person. Therefore Hardanger fiddle makers are much freer in their workmanship than violin makers and there is a lot more variation.
Regarding decoration, the modern Hardanger fiddles have developed a similar look, often after the model of Helland or Røstad, with variations in the execution. Usually fingerboard and tailpiece are inlaid with mother of pearl and bone in the form of the typical Norwegian Hardanger fiddle patterns. The lion’s head is more or less standardised and the corpus is usually lavishly decorated with flower drawings of different patterns.
Since there are also fiddle players who enjoy playing on fiddles of the older type, it seems reasonable to make Hardanger fiddles of the earlier type as well. This hasn’t been done so very often in the last decades, but will hopefully increase in the future. An instrument after the model of a fiddle by Trond Botnen from about 1750 has just been built at the workshop of the Ole Bull Academy by Wiebke Lüders.

Plan for videreføring

Det er vanskeleg å seie kor mange hardingfeler som verkeleg trengst på marknaden, og kor mange personar som vil kunne overleve som sjølvstendige hardingfelemakarar i Norge.
Hardingfelebygging er naturlegvis nært knytta til hardingfelespeling. Jo fleire barn som vert interesserte i å spele på instrumentet og som held fram å spele i vaksen alder, jo fleire nybygde feler trengst det. Difor er det særs viktig å støtte speltradisjonen på hardingfele. Mykje er alt gjort: Prosjektet Hardingfela.no som vart lansert i 2013 av Ole Bull Akademiet og Hardanger og Voss Museum har som oppgåve å promotere og styrke hardingfelespelet, i tillegg til andre arbeidsområde som har med hardingfela å gjere.
Det vert undervist i hardingfelespel i mange kulturskular, og i eit prøveprosjekt i Granvin (Hordaland) har det vorte del av undervisninga for første årssteg i grunnskulen. Det finst òg andre faste tilbod og møteplassar for barn som er interesserte i folkemusikk og -dans mange stader i Norge.
Dessutan vil Ole Bull Akademiet halde fram med å tilby kurs i hardingfelebygging på bachelornivå, og verkstaden ved akademiet vil også i framtida vere open for interesserte. Det er tankar om å invitere skulebarn til verkstaden på Ole Bull Akademiet, for å presentere felemakarhandverket så tidleg som mogleg for neste generasjon. Det bør knytast sterkare kontakt med fiolinmakarskular i andre land, og likeeins med Høgskolen i Sørøst-Norge, Campus Rauland – der ein kan studere både norsk folkemusikk og tradisjonelt handverk/folkekunst på bachelor- og masternivå.
Nyleg har det kome i stand eit nytt prosjekt i regi av DEXTRA MUSICA/Sparebankstiftelsen DNB, som planlegg å kjøpe 12 gamle og 12 nybygde hardingfeler av høgaste kvalitet over ein 5-årsperiode for å låne dei ut til dei beste hardingfelespelarane i landet. Dette initiativet vil heilt sikkert hjelpe til å styrke tradisjonen for hardingfelebygging og -speling.

It is difficult to say how many new Hardanger fiddles are really needed on the market and how many people would be able to survive as self-employed Hardanger fiddle makers in Norway.
Naturally, Hardanger fiddle making is closely connected to Hardanger fiddle playing. The more children become interested in playing the instrument and continue playing as adults, the more newly built fiddles are needed. Therefore it is absolutely essential to support the Hardanger fiddle playing tradition. A lot has already been done. The project “Hardingfele.no” which was launched in 2013 by the Ole Bull Academy and the Hardanger and Voss Museum is occupied with promoting and strengthening Hardanger fiddle play amongst other matters connected with the Hardanger fiddle.
Hardanger fiddle playing is taught in many “kulturskular” and in a test project in Granvin (Hordaland) it has become part of the curriculum for the first grade.
There are regular meeting points for children, who are interested in folk music and dance in many places in Norway (for example “juniorklubben” in Voss).
Besides, the Ole Bull Academy will continue to offer Hardanger fiddle making as a bachelor degree course and its workshop will furthermore be open for interested people.
There are thoughts about inviting school children to the Academy’s workshop to introduce the craft of Hardanger fiddle making as early as possible to the next generation.
Stronger connections with violin making schools in other countries, and also with the Høgskolen i Sørøst-Norge, Campus Rauland – where one can study Norwegian folk music as well as traditional craftsmanship as a bachelor degree course – should be made.
Recently there has come up a new project by DEXTRA MUSICA, a Norwegian “sparebank” foundation, that is planning to buy over a period of five years 12 old and 12 newly build Hardanger fiddles of the highest quality with the purpose to give them as loan to the best Hardanger fiddle players of the country. This initiative will most certainly help to strengthen the tradition of Hardanger fiddle making and playing likewise.

Links:
www.olebull.no
www.felemakeriet.no
www.felemakar.no
www.fiolinmaker.no
www.valdresmusea.no
www.rudimusikk.no
www.hfaa.org

Kan du bidra med innhold til artikkelen? Foreslå bilder til bidraget eller foreslå forbedringer av tekst

Spørsmål og kommentarer

Legg igjen en kommentar