Ny giv for å halda danse- og musikktradisjonar i bruk?

Forfattarar: Egil Bakka, Siri Mæland og Marit Stranden. Dei er alle tre instruktørar i konvensjonen om immateriell kulturarv. Bakka er professor emeritus ved NTNU, Mæland og Stranden er ansatte i Stiftinga for folkemusikk og folkedans.

Noreg har skrive under på ein konvensjon der mange land i verda lovar kvarandre å ta vare på og føra vidare kunnskap og tradisjonar. Den blir administrert av UNESCO og heiter Konvensjonen for vern av immateriell kulturarv. Det er for å halda oppe mangfaldet i verda, alle dei ulike dansane, all den ulike musikken, handverkskunnskap, skikk og bruk og mykje anna. Det er dei som dansar, spelar og syng som må gjera dette, det er dei som skal halda fram med aktivitetane og få fleire med.

På feltet folkedans og folkemusikk har vi store mengder kunnskap å halda i bruk. Poenget med konvensjonen er at vi skal inspirera kvarandre til ny giv og til å ta nye grep der det trengst. Kva kan vi gjera for at dei unge vil halda fram med tradisjonane? Ei hjelp som konvensjonen kan gi, er å føra tradisjonar inn på nasjonale og internasjonale lister, slik at dei blir anerkjende som viktige. Slik erkjenner styresmaktene også ansvar for å hjelpa til. Folk i Setesdal fann ut at dei kunne ha nytte av at dansen, songen og spelet deira kom på ei slik liste. Det gjorde at mange engasjerte seg i arbeidet, at media har vore interesserte og at styresmaktene har hjelpt til. Nå har Noreg sendt forslaget vidare til UNESCO, så til neste haust kjem kanskje denne tradisjonen på den verdsomfattande Representative lista for immateriell kulturarv, som den første tradisjonen frå Noreg på denne lista.

Setesdal er jo berømt for tradisjonen sin, og ein flott første representant for Noreg, men det ikkje slik at berre det store og berømte skal på listene. Skal vi ta vare på mangfaldet i verda er det like viktig at dans og musikk som ikkje er så kjend kjem med. Eit eksempel på kva som kunne førast på lista og dra nytte av å bli synlegare er springaren, gangaren og slåttespelet i Tovdal . Viss Tovdølane lagar seg gode prosjekt for å styrka dansen og spelet, kan det kanskje bli ein ny giv at tradisjonen kom på den norske lista.

I Noreg kan alle vise fram sine tradisjonar på nasjonale og lokale kappleikar. Noko som held mykje tradisjonsdans i bruk, særleg i dei katolske landa, er at dansar og musikk blir knytte til årlege feiringar og ritual. Kanskje dette er ein veg å gå, spesielt for enkeltståande dansar? Det kan vere ei årleg satsing på læring, bruk av dansen på bygdedagar og liknande. I Sauda har Parisarpolka ein spesiell stilling. Kanskje skulle Sauda-dagane laga eit lite årleg opplegg om Parisarpolkaen, slik at han ikkje blir borte og gløymd? Det kunne vera ein Pariserpolka-fest eller ei Parisarpolka-tevling.

På Sandnes har dei ein dans som ikkje finst maken til elles i Norden; Åttapardansen. Her kunne også ein eller annan årleg seremoni eller framføring bli ein attraksjon i ei eller anna større ramme, og grunnlaget for å få dansen på den norske lista.

Noko liknande gjeld runddansane og positivmusikken frå Velfjord, her har det alt vore satsa, og eit nytt prosjekt kan styrka tradisjonane og gjera han synleg på den norske lista.

 

Arkivfilm frå 1978 av Stiger frå Velfjord dansa til instrumentet positiv har vore studert av mange. Det finst framleis folk i Velfjord som dansar Stiger, ungdommar i bygda har gått i lære, og dansarar frå heile Nord-Noreg har lært tradisjonen på kurs i Folkedanslag og på Folkedansfestivalar.

 

Det er satt i gang eit initiativ om å listeføre hardingfelemakeri for å få merksemd om det faretruande låge talet instrumentmakarar som kan handverket i dag.

Vi trur konvensjonen og listeføringa gir meining og effekt viss det medfører at ein lagar prosjekt om lokale tradisjonar og får dei på den nasjonale lista. Det gir liten effekt om ein lagar store, landsomfattande forslag, slik som den norske springaren, den norske hardingfelemusikken, eller den nordiske folkedansen. Dette er velkjende storleikar og vil ikkje hjelpa fram dei enkelte lokale formene. Vi må tenkja nytt, og satsa på at dei einskilde lokalmiljøa tar tak og gjer sine eigne tradisjonar synlege. Så kan dei få hjelp av ekspertar utanfrå i utforming av prosjekt om det skulle vera ønskeleg.

I Noreg er det utdanna instruktørar som kan rettleie i konvensjonen. Den 7. juli vil Stiftinga for folkemusikk og folkedans delta på Landskappleiken på Røros med informasjon om konvensjonen og hjelpe miljø som vil skildre sin tradisjon til den norske lista over immateriell kulturarv. Vi har som mål å få fleire tradisjonar synlege på lista, både gode metodiske eksempel og eksempel frå mindre utøvarmiljø som treng merksemd og ein ny giv til å ivareta og vidareformidle tradisjonane sine.

 

Foto 2011, Thor Hauknes: Instruksjon av Stiger fra Velfjord på folkedansfestivalen til NU i Bodø

 

Foto 2011, Lillemor Hestvik / Brønnøysunds Avis: I Velfjord har man egne folkedanser som stiger, stegdans og hoppvals.