Lagdans er årleg ein av dei største klassane på Landskappleiken. Her ser ein Hardanger Spelemannslag på Landskappleiken i Vågå 2016. Foto: Hans Olav Øvre. Fotograf skal krediterast ved bruk.

Kappleik

Kappleik er ein konkurranse i norsk folkemusikk og folkedans. Det finnast både landskappleik, regionale kappleikar og lokale kappleikar. På same måte er Landsfestival i gammaldansmusikk ein kappleik i gammaldans og gammaldansmusikk. Kappleikene fører vidare frå dei meir uformelle spelemannskonkurransane som vart haldne i eldre tid.

Skrevet av FolkOrg. Sist oppdatert 20. oktober 2020. Vil du gjenbruke innholdet? Innholdet har fri gjenbruk

Om tradisjonen og kunnskapen

Kappleik er ein konkurranse i norsk folkemusikk og folkedans. Det finnast både landskappleik, regionale kappleikar og lokale kappleikar. På same måte er Landsfestival i gammaldansmusikk ein konkurranse i gammaldans og gammaldansmusikk. Vi har sterke og levande folkemusikk- og folkedanstradisjonar i dei fleste regionar i Noreg, kappleikene er ein viktig årsak til det. Kappleikstradisjonen er i høgste grad levande og i utvikling i Noreg den dag i dag, og det er om lag 20 små og store kappleikar kvart år i ulike delar av landet.

Landskappleiken er den største kappleiken og er eigd av FolkOrg. Det reknast som eit Noregsmeisterskap. Det er ein årleg konkurranse i folkemusikk og folkedans for deltakarar frå heile landet. Det tevlast i spel, vokal folkemusikk og dans. Det er klassar for ulike folkemusikkinstrument, danseformar og song. På Landskappleiken tevlar ein i dei eldste formane for folkemusikk og folkedans i Noreg, det er et stemne og den viktigaste møteplassen for Folkemusikk-Noreg. Årleg samlar Landskappleiken omlag 1000 aktive , spelemenn, songarar og dansarar, som sjølv melder seg på den klassa dei ønskjer å tevle i . Om lag 5000-7000 tilreisande besøker Landskappleiken. FolkOrg samarbeider med lokal arrangør, som oftast eitt eller fleire lokallag i organisasjonen, som søkjer om å få tildelt arrangementet. Slik blir Landskappleiken arrangert på nye plassar kvart år.

Føremålet med Landskappleiken er at den skal bidra til å ta vare på og styrke dei eldste vokal-, spel- og danseformene det er tradisjon for i kvart distrikt.

Lokale og regionale kappleikar arrangerast etter same prinsipp, men i mindre omfang. Det er gjerne områdelaga i FolkOrg i samarbeid med lokallaga som står for arrangementet. Primærføremålet her er å ta vare på tradisjonane i det området kappleiken vert arrangert.
Døme på regionalkappleik er Vestlandskappleiken. Døme på fylkeskappleik/lokalkappleik er Buskerudkappleiken.

Landsfestivalen i gammaldansmusikk er også ein årleg konkurranse. Den reknast som eit Noregsmeisterskap. Det tevlast i spel og dans. FolkOrg eig arrangementet og samarbeider med lokal arrangør, som oftast eitt eller fleire lokallag i organisasjonen, som søkjer om å få tildelt arrangementet. Slik blir Landsfestivalen arrangert på nye plassar kvart år. Årleg samlar landsfestivalen i gammaldansmusikk omlag 500-600 aktive deltakarar. Om lag 3000-5000 tilreisande besøker Landsfestivalen.

Føremål: Landsfestivalen i gammaldansmusikk skal bidra til å ta vare på og styrke gammaldansen det er tradisjon for i kvart distrikt.

Kappleikar er tilbod for folk i alle aldrar, altså ein møteplass for alle generasjonar. Det er eit godt grunnlag for tradisjonsoverføring mellom generasjonar. På kappleik er det utøvarar som er dommarar etter kjende kriterium, som er i diskusjon og endring. I tillegg arrangerer FolkOrg dommarseminar med mellom anna fokus på kva som er kvalitet innanfor sjangeren.

På kappleikar tevlast det i ulike disiplinar og klassar. Disiplinane er: Spel fele, spel hardingfele, fløyte, langeleik, munnharpe, andre eldre folkemusikkinstrument, open klasse, vokal, durspel, halling, dans fele, open klasse, dans hardingfele, lagdans, lagspel og gruppespel. I tillegg er det instrumentutstilling kvart andre år. I dei fleste av desse disiplinane er det fire klassar: D-klasse for dei over 60 år, C-klasse for dei mellom 12 og 18 år, B-klasse for utøvarar over 18 år, og A-klasse for dei som har kvalifisert seg til det. Om ein to gongar for over ein viss poengsum i B-klassa kvalifiserer ein til opprykk i A-klassa. I nokre av klassane er det senior og junior-inndeling, der seniorklassen er for dei over 18 år. I tillegg er det eit tilbod om såkalla sjokoladekappleik for dei under 12 år, i staden for poeng får dei sjokolade.

Eit dommarpanel med kompetente folk sett saman av FolkOrg, vurderer deltakarane i dei ulike tevlingsklassane. Det er til saman 24 dommarar som dømmer dei ulike klassane. Mange brukar bunad mens dei tevlar, men det er ikkje eit krav om det.
På dei lokale og regionale kappleikene tevlast det i mange av desse klassane. Det er områdelaga som vel ut dommarar til desse kappleikene.

Landskappleiken arrangerast årleg i slutten av juni, og varar i fem dagar. Det er til saman omlag 70 timar med tevling i løpet av desse dagane. Det er eit ambulerande arrangement, og vert arrangert på nye stadar kvart år.

I tillegg til tevlingane er også den sosiale møteplassen viktig med buskspel, dans, konsertar og plateslepp. Det er normalt tevlingar på tre ulike arenaer på Landskappleiken, der ein av dei nesten alltid er ein idrettshall. Landskappleiken avsluttast med ein meisterkonsert på sundag.

Kappleikar er viktige både for å samle folkemusikkmiljøet i Noreg, som rekrutteringsarena og er ein viktig årsak til at vi har levande lokale tradisjonar. Det å øve fram til ei tevling er med på det. I tillegg er instrumentutstillinga med på å halde tradisjonane med instrumentmaking i hevd. Det er hardingfeler og feler som blir dømt på utstillinga, men andre instrument kan også stillast ut.
Landsfestivalen i gammaldansmusikk arrangerast årleg i byrjinga av august og varar i fem dagar. Det er til saman om lag 35 timar med tevling i løpet av desse dagane. Det tevlast i fele, hardingfele, durspel, trekkspel, lagspel, gruppespel, samspel junior, pardans, lagdans og open klasse. I solotevlingane er det delt inn i junior – og seniorklassar. Det er tevlingar på ein til to arenaer, der ein av dei nesten alltid er ein idrettshall. Landsfestivalen avsluttast med ein meisterkonsert på sundag. FolkOrg set saman eit dommarpanel med kompetente folk. Det er til saman 14 dommarar som dømmer dei ulike klassane. I tillegg til tevlingane er det sosial dans, konsertar og plateslepp.

Det er medlemmer i FolkOrg som speler eller syng norsk folkemusikk eller dansar norsk folkedans som deltek på Landskappleiken og Landsfestivalen i gammaldansmusikk. På regionale kappleiker er det ikkje alltid krav om at deltakarane skal vere medlemmer i FolkOrg. Deltakarane kan vere både amatørar og profesjonelle utøvarar i ulike aldrar, og det er om lag 1000 stykk som deltek på Landskappleiken og 500-600 på Landsfestivalen i gammaldansmusikk. I tillegg til dei som tevlar kjem mange for å sjå og høyre på tevlingane, konsertar, vere med på sosial dans og vere ein del av eit sosialt fellesskap. Dette er personar som har interesse for tradisjonane og miljøet.

Lokal arrangør av Landskappleiken og Landsfestivalen i gammaldansmusikk er gjerne eit eller fleire lokallag i FolkOrg, i tillegg er det engasjert om lag 500-600 frivillige på kvart av arrangementa. Lokal arrangør har ansvaret for gjennomføringa av arrangementet. FolkOrg gjennom styret og administrasjon har sine faste ansvarsområder som går igjen frå år til år, for å sikre kontinuitet.
På lokale og regionale kappleiker har eit eller fleire områdelag ansvaret i samarbeid med lokale lag.

FolkOrg – Organisasjon for folkemusikk og folkedans har som føremål å arbeide for folkemusikken og folkedansen i Noreg ved å styrke deira rolle og vilkår i samfunnet.

Organisasjonen har i dag om lag 4500 medlemmer og 153 lokale og regionale spelemannslag. Blant våre medlemmer er både profesjonelle musikarar og dansarar, amatørar, spel- og danselag, arrangørar, instrumentmakarar og pedagogar. Det øvste ledd i organisasjonen er landsmøtet, som vel eit styre på 7 personar og 3 varafolk. FolkOrg har ein administrasjon som per i dag er på sju personar i 100 % stillingar.

Utøvere med høy kompetanse

Kunnskapen i å arrangere kappleik ligger både i FolkOrg sin administrasjon og styre, samt i mange ulike lag som har vore arrangørar tidlegare. Utøvarar som har delteke på kappleik har også kunnskap om korleis arrangementet fungerer. FolkOrg har utarbeid ei handbok som samlar erfaringane frå arrangørane av Landskappleiken og Landsfestivalen i gammaldansmusikk frå ulike år. Den kan også nyttast av lokal- og regionalkappleiker.

Når det gjelder kven som har kunnskap om utføringa av spel, song og dans er dette veldig mange. For namn her kan ein sjå på resultatlistene: http://folkorg.no/tevlingsresultat/

Alle deltakarane i kappleik har kunnskap. Til dømes har deltakarane og dommarane tradisjonskunnskap. Arrangørane har arrangørkunnskap.

Kunnskapsoverføring

Kunnskap om å arrangere kappleik overførast på fleire måtar:
Kjennskap som deltakar/publikum frå tidlegare arrangement, eigne opplevingar og observasjonar. Arrangørhandboka til FolkOrg og rapportar frå tidlegare arrangørar.
Neste års arrangørar av Landskappleiken og Landsfestivalen i gammaldansmusikk vert oppmoda om å vere observatørar under arrangementet året før. Mange har også erfaring frå tidlegare kappleikar.

Delatakarane på kappleik har lært gjennom å danse/spele/synge med andre – lærarar, medelevar, eigne tileigningar og observasjon, på kurs av ulike storleikar, i kulturskular og gjennom høgare utdanning. Kappleik er samstundes ein uformell arena for tradisjonsoverføring, som til dømes gjennom buskspel. Sjokoladekappleiken og C-klassane er ein læringsarena for å stå på ei scene framfor eit dommarpanel og publikum. De lærer også gjennom å observere andre deltakarar i alle klassar. For alle deltakarar er kappleiken eit øvingsmål. D-klassane for dei over 60 år vart oppretta for å minske terskelen for dei eldre for å delta. Denne gruppa er viktig for å inspirere yngre utøvarar og viktig brikke i tradisjonsoverføringa.

Tradisjonane dokumenterast også gjennom lyd –og filmopptak, som nyttast i opplæringa av både utøvarar og dommarar.

Historisk bakgrunn

Kappleikene fører vidare frå dei meir uformelle spelemannskonkurransane som vart haldne i eldre tid ved marknadsplassane og kyrkjene. Tradisjonen vart tatt opp att i 1880-åra etter initiativ frå Den Norske Turistforening og lokale krefter på bygdene. Den første offisielle felekappleik vart arrangert i 1888 i Bø i Telemark.

Den første Landskappleiken vart arrangert for fyrste gong i 1896 i Bergen. Landslaget for Spelemenn tok over å arrangere Landskappleiken då organisasjonen vart stifta i 1923. Talet på disiplinar har auka i løpet av desse åra. Inndelinga i klassar har også utvikla seg etter kvart. Arrangementet vert stadig større, samt meir profesjonelt i gjennomføringa.
Målet og føremålet er den same som då Landskappleiken vart arrangert dei første åra, nemleg å vere med på å ta vare på dei ulike tradisjonane knytt til folkemusikk rundt om i landet.

Sidan 1986 har Landsfestivalen i gammaldansmusikk vore arrangert årleg. Diskusjonen om gammaldansens rolle i organisasjonen forut for dette, førte til splitting i organisasjonen – den gong Landslaget for spelemenn, og Norsk folkemusikk- og dansarlag vart stifta. Organisasjonen vart samla att i 2009, no under namnet FolkOrg, og gammaldansen er meir akseptert i heile organisasjonen.

Talet på disiplinar har auka også på Landsfestivalen i gammaldansmusikk. Det har vorte meir profesjonelt i gjennomføringa. Talet på deltakarar har veksla meir enn på Landskappleiken, men har i dei siste åra vore høgt.
Målet og føremålet er den same som då Landsfestivalen i gammaldansmusikk vart arrangert dei første åra, nemleg å bidra til å ta vare på og styrke gammaldansen det er tradisjon for i kvart distrikt.

Regionale og lokale kappleikar har funnen stad parallelt med dei nasjonale kappleikane heile tida. Talet på regionale og lokale kappleikar var høgare tidlegare, men det er framleis stor aktivitet.

Plan for videreføring

Landskappleiken og Landsfestivalen i gammaldansmusikk står støtt og vil nok eksistere i overskodeleg framtid. Talet på deltakarar på Landskappleiken har auka jamt dei siste åra, og Landskappleiken har vore og er den viktigaste arenaen for norsk folkemusikk og folkedans. Det er eit stabilt høgt deltakartal uansett kvar Landskappleiken vert arrangert. Dei siste åra har det vore ei auke i deltakarar i fleire av c-klassane. Arrangementet står seg som det mest populære folkemusikkarrangementet gjennom året. Landsfestivalen i gammaldansmusikk i har hatt meir vekslande deltakartal som varierer meir frå stad til stad. Det er færre unge som deltek på Landsfestivalen i gammaldansmusikk enn på Landskappleiken.

Det kan vere krevjande å få lokale arrangørar til Landskappleiken og Landsfestivalen i gammaldansmusikk. Det er store og arbeidskrevjande arrangement, som krev stor frivillig innsats. Lokal arrangør har økonomisk risiko, og sjølv om dei aller fleste lokale arrangørar får eit godt overskot, er den økonomiske risikoen eit hinder for nokre å ta på seg arrangementet.

Det er stor aktivitet med lokale og regionale kappleikar i Noreg, med om lag 20 kvart år. Det er bra oppslutning og deltaking på mange av desse, men det er meir vekslande enn på Landskappleiken. Det kan også vere utfordrande å få arrangørar til desse kappleikene. Interessa for å arrangere lokale og regionale kappleiker går i bølger og er avhengig av eldsjeler. Organiseringa kan vere ulik, nokon har faste arrangørstader, mens andre kappleikar går på rundgang hos frivillige lag. Det finst og døme på at verksemder arrangerer kappleik, som Jørn Hilme stemnet.

For å sikre vidare kappleikar set FolkOrg problemstillinga på agendaen på til dømes seminar og liknande. Tilsvarande skjer på lokalt og regionalt nivå.

Kan du bidra med innhold til artikkelen? Foreslå bilder til bidraget eller foreslå forbedringer av tekst

Spørsmål og kommentarer

Legg igjen en kommentar