Setesdalsgangar (dans og spel), stev og stevjing

Dans, spel, kveding og stevjing er viktig for identiteten til setesdølene, og blir også bruka som kunstnarleg uttrykk av andre som er interesserte i denne tradisjonen. Musikken og dansen har rom for individualitet og variasjon. Den blir bruka både i heimen, i kulturskulen, på puben og på scenen. Stevet er med på å ta vare på dialekten.

Skrevet av Setesdal spelemannslag. Sist oppdatert 16. mai 2017. Vil du gjenbruke innholdet? Innholdet har fri gjenbruk

Om tradisjonen og kunnskapen

Musikken og dansen høyrer saman. Dei fleste slåttane er danseslåttar. Stevet kan fortelje om dansen, musikken eller utøvarane. Stevtonane kan også bli spela på fele eller munnharpe. Ein utøvar kjenner alle uttrykka og beherskar gjerne alle tre. Dans, spel og kveding skjer ofte på same sosiale arena.

Slåttar er fellesnemning på den instrumentale musikken som blir spela på hardingfele, fele eller munnharpe. Det finst både seremonielle slåttar (brureslåttar, bruremarsjar, lydarslåttar) og danseslåttar (gangar). Gangar blir spela i todelt rytme (2/4 eller 6/8 takt). Musikken er bygt opp på ei lang rekke to- og tretaktsmotiv med individuell variasjon.

Dansen som høyrer til musikken blir også kalla gangar. Det er ein pardans der ein kan danse eitt par åleine («danse eisemadde»), eller i ring med partnarbyte. Det kan dansast på ”greileik” (med fin og høvisk framtoning) eller på ”sprekleik” (då er dansaren i toppform og gjer spreke kast i dansen).

Kveding er individuell framføring av stev. Songen har karakteristiske stiltrekk med spesiell stemmebruk og rytmisk særpreg. Når ein eller fleire kved stev til kvarandre (i dialog) blir dette kalla stevjing eller stevleik. Stev er eit vers på fire liner som kan stå for seg sjølv. Det er to typar stev: Nystev og gamlestev.

Nystevet har enderim der andre lineslutt rimar på første, og fjerde lineslutt rimar på tredje:

Eg hev ei jente, ho æ så fine
Som venast vårdag fysst soli skine,
Hendan hev ho som føykje mjødd
Og kinn som soli ho ris yv fjødd.

Gamlestevet har eit anna tal trykktunge og trykklette stavingar, og enderim der fjerde linjeslutt rimar på andre:

Håret hev ho som tiriltunga
Halsen æ som mjødd
Augo dei æ i hausen sjå
Som soli ris yvi fjødd.

Musikken krev instrument (hardingfele, fele, munnharpe) og utøvarar som kan tradisjonen og utøving på instrumenta. Dansen krev musikk og dansegolv, og for å utøve kveding trengst eiga stemme, ferdigheit og kunnskap om tradisjonen.

Musikken blir bruka i heimen, på kulturskulen, i sosiale samanhengar, på scenen, i konkurranse (kappleik), i media, i bøker, litteratur og fonogram, og på sosiale media.
Dette er kulturuttrykk som er viktige både sosialt og som kunstnarlege uttrykk. Det er ein viktig del av den lokale kulturen, og avgjerande for identitet og fellesskap.

Tradisjonen har rom for personleg utforming og variasjon. Det finst registrert kring 25-30.000 stev frå Setesdal, og kring 40 ulike stevmelodiar. Ettersom alle nystev har same verseform (og det same gjeld for gamlestev), kan dei ulike melodiane brukast på dei stevtekstane som finst. Det blir også dikta nye stev. Stev blir bruka i reklame, som debattinnlegg, i søknader, og som verseform i takketalar og helsingar til bryllaup, konfirmasjonar m m. Det kan nemnast spesielt at stev blir ofte bruka i lokalavisa (Setesdølen) og mållagets jolehefte (Jol i Setesdal).

For musikken og dansen er det ulike personlege stilar og uttrykksformer. Det blir laga nye slåttar innanfor den tradisjonelle forma, og alle utøvarane har eit individuelt preg og sine personlege variasjonar av tradisjonsmaterialet. I seinare tid har det tradisjonelle slåttematerialet også blitt spela på nye («utradisjonelle») instrument.
Gangaren blir som før nemnt også dansa som pardans i ring med byte av dansepartnar, noko som gjer det lett å integrere nye dansarar i danseringen.

Utøvarane er menn og kvinner i alle aldersgrupper. Dei fleste er amatørar, men nokre er profesjonelle. I tillegg til dei som er utøvarar av tradisjonen er det mange eigarar av tradisjonen: Familiane til utøvarane, nabolag, lokalmiljø, besøkande på pub og ulike arrangement, organisasjonsmedlemmer, og elles innbyggjarane i bygda/ kommunen som identifiserer seg som setesdøler (Bygland, Valle, Bykle). Dette gjeld også utflytta tradisjonsberarar og deira miljø, andre folkedansarar/folkemusikarar som kjenner og brukar tradisjonen, og publikum generelt.

Det er kring 3500 innbyggjarar i de tre kommunane Bygland, Valle, Bykle. Det er i 2015 ca 1 % av innbyggjarar som er utøvande spelemenn, ca 5 % er kvedarar og ca 15 % dansarar. Alle som spelar kan danse gangar, og dei fleste kan kvede stev.

Døme på aktivitet:
Ei songgruppe, i gjennomsnitt 8-12 personar, møtest til kvedarstund kvar månad på Sylvartun, som er etablert av Setesdalsmuseet som senter for immateriell kultur i Setesdal. Her møtest også spelemenn to gonger i månaden for samspel på hardingfele.
Det er opplæring i både spel og kveding i kulturskulane, og i skulen har det vore opplæring i gangardans. Det er også individuell opplæring i hardingfele og munnharpe direkte frå læremeister til elev.

Det kan nemnast spesielt at i seinare tid er det kome i gang ei ungdomsgruppe - Sæbyggjan – som har laga faste program med dans og musikk, og som også har delteke nasjonalt på festivalar og landskappleikar. I sommarhalvåret er Kulturpatrulja aktiv med folkemusikk og folkedans på ulike arrangement og museumsområde. Dette blir organisert og finansiert av Setesdalsmuseet. I tillegg er det fleire lokale leikarringar – Austad (Bygland kommune), Valle (Valle kommune) og Bykle (Bykle kommune).

Medlemer i Setesdal spelemannslag er aktive både som enkeltutøvarar og som dansarar med faste partnarar og spesialiserer seg mot kappleik og framsyning. Elles blir musikken bruka i samband med kappleik der ein konkurrerer i spel, dans og kveding, på spelemannslagets faste jolefest, på faste pub-kveldar og elles ved høgtider og i ulike sosiale samanhengar (bryllaup, konfirmasjonar, fødselsdagar og meir uformelle venelag).

Utøvere med høy kompetanse

Setesdøler kjenner generelt til dansen, slåttane og steva. Ein del av utøvinga er ein spesialistkunnskap. Det er spelemennene og kvedarane som kan det store repertoaret og er i stand til å utøve musikken.

Nokre utøvarar som er sentrale i vidareføringa av tradisjonen i dag:
Hallvard T. Bjørgum, Kirsten Bråten Berg, Gunnar Stubseid, Sigurd Brokke, Tor Hoslemo, Jamie Lodberg, Bjørgulv Straume, Sigrid Jore, Sigrid B. Berg, Kim Rysstad, Vidar Lande, Birgit Lund, Eivind Aakhus, Arne Haugå, Anne Karin Kaasa, Torleiv Løyland, Jon K. Rysstad, Tor Espen Helle, Knut Arne Rysstad, Bjørgulv Rysstad, Marit Bergland Rysstad, Knut Breivegen, Daniel Sandén-Warg.

Historisk bakgrunn

Musikken og dansen har ein ubroten tradisjon i Setesdal. Tidlegare levde kulturuttrykket som ein integrert del av samfunnet, uavhengig av organisert opplæring. Mange av slåttane var då knytte til seremoniar (bryllaupsslåttar blei spela i bryllaup). I vår tid lever denne musikken vidare som konsertmusikk og i meir organiserte former enn før. Så har det kome nye bruksområde og arenaer til. Eit døme på dette kan vere at det i dag er fullt ut akseptert å spele og danse i kyrkja, noko som ikkje var lov tidlegare.

Det har vore eit skifte frå ei naturleg overlevering av musikk- og dansetradisjonane til ei meir organisert opplæring, basert på organisasjonane si målsetting om at det er viktig å ivareta og vidareføre den lokale tradisjonen.

Eit anna skifte over tid har vore ei generelle haldningsendring til delar av folkekulturen. Det var ein religiøs ideologisk periode på 1800-tallet der folkekulturen – og spesielt gangardans og spel - blei sett på som synd. Men det lokale kulturuttrykket var likevel så sterkt at det overlevde ved at enkelte markante kulturpersonar og utøvarar tok vare på musikken og dansen, trass i massiv motstand frå mange i lokalmiljøet.

Tradisjonen stod også svakt i 1950- og 60-åra då den ytre påverknaden frå det globale kulturuttrykket var sterk. Det var få utøvarar, og mange var redde for at tradisjonen ville døy ut. Mot slutten av 1960-talet og den grøne bylgja blei det på nytt fokus på lokal musikk- og dansetradisjon. Innanfor folkemusikken blei grasrotperspektivet viktig i 70- og 80-åra, med fokus på heile folkemusikkrepertoaret, også dei små og spesielle slåttene. Den første kulturmeldinga kom på midten av 70-tallet, og nye finansieringsmogelegheiter påverka bevaringa av tradisjonen. Samstundes blei organisasjonskulturen sterkare med fokus på å ivareta, vidareføre og vidareutvikle tradisjonen.

Plan for videreføring

I vår tid kan ein sjå at det rurale aukar i popularitet. Det er ei meir positiv haldning til lokale og særeigne kulturuttrykk, og samfunnet har aksept for ulike kulturelle uttrykk. Det gjev tradisjonsuttrykket ein mindre negativ klang enn tidlegare. Praksisen er i dag i positiv utvikling.

Stevet er med på å ivareta og vidareføre den særeigne dialekten. Opplæringa skjer både formelt og uformelt. Overføring skjer framleis på privat initiativ frå læremeister til elev.
Kulturskulen, skulen og spelemannslaget gjev opplæring i alle tre uttrykk. I dag er det også litt bruk av notar, og det blir arrangert kurs i spel, dans og kveding i samband med den årlege Setesdalsfestivalen.

Vidareføringa av musikken og dansen skjer også ved formelle arrangement som kvedarstunder og spelemannstreff, og ved uformelle arrangement som folkemusikkpub og ulike kulturarrangement. Agder Folkemusikkarkiv og eit rikt utval av fonogram gjer tradisjonen tilgjengelig for alle som er interesserte.

Kan du bidra med innhold til artikkelen? Foreslå bilder til bidraget eller foreslå forbedringer av tekst

Spørsmål og kommentarer

Legg igjen en kommentar