Tussa og småfolk

I gamle dagar var det mange som både trudde på, møtte og såg såkalla underjordiske eller "tussa og småfølk" som det vart sagt her

Skrevet av Jakob Bjerkem. Sist oppdatert 20. oktober 2020. Vil du gjenbruke innholdet? Innholdet har fri gjenbruk

Om tradisjonen og kunnskapen

I gamle dagar var det mange som både trudde på, møtte og såg såkalla underjordiske eller "tussa og småfølk" som det vart sagt her.

Dette er meir eit minne, ei "overtru", ei forestilling som nok har tatt slutt. Men det er interessant at det har vore ei levande forestilling her i Henning heilt til for få år sidan. Mange i min besteforeldregenerasjon såg på tussa og småkalla som ein realitet. Forteljingane om det og opplevingane gjennom forteljing lever fortsatt og er ein realitet.

Både farfar og farmor og bror til mormor - Arnfinn Langli - fortalte levende om tussan og småkallan. Arnfinn hadde opplevd det sjøl - og trudde på det som ein realitet, mens farmor og farfar berre fortalde om at andre hadde opplevd det. Oldemor mi til dømes - Karen - møtte ei kvinne frå dei underjordiske ein kveld ho var ute og gjekk med ei ku som skulle på beite på eit nabobruk ho leigde.

Utøvere med høy kompetanse

I dag er dette berre historisk kunnskap. Ein del eldre i bygda kan fortsatt fortelje levande om det, men i dag tviler eg på at nokon trur på, eller møter tussan og småkallan. Men vi kan finne omtale i skrifter etter Johan J Bjerkem og Karl Braset. Eg intervjua Arnfinn Langli om dette og har intervjuet på lydband. I Årbok for Sparbu Historielag finst det fleire småartiklar om det

Kunnskapsoverføring

Berre gjennom forteljing, skrift og lydband

Historisk bakgrunn

Ingen kommentar

Plan for videreføring

Trua/aktiviteten er i ferd med å dø ut. Om det i dag finnes folk som meiner dei har møtt småkallan så er det i tilfelle svært få. Men stoffet finnes og er knytt til bestemte plassar. Dette stoffet kan nyttast til sketsjar, dramatisering forteljarkveldar etc. Hans Magnus Ystgård har laga eit teatermanus som viser både slike overnaturlege historiar og barneleikar/tradisjonar som vart brukt tidlegare. Bagabu ul diskuterer om det kan vera aktuelt å lage eit friluftsteater av dette.

Kan du bidra med innhold til artikkelen? Foreslå bilder til bidraget eller foreslå forbedringer av tekst

Spørsmål og kommentarer

Legg igjen en kommentar