Fleire tusen års båtbyggartradisjon

Oselvaren og tradisjonen med bruk og bygging, er oppført på UNESCO si prestisjefylte verdsarvliste for immateriell kulturarv, i kategorien beste vernepraksisar. Kunnskapen om bygging av oselvar er ein del av den nordiske klinkbåttradisjonen.
Det er Os kommune, Hordaland fylkeskommune og Os båtbyggjarlag som står bak Stiftinga Oselvarverkstaden. Føremålet er å ta vare på oselvaren og den gamle båtbyggartradisjonen.

Skrevet av Oselvarverkstaden. Sist oppdatert 9. september 2022. Vil du gjenbruke innholdet? Innholdet har fri gjenbruk

Om tradisjonen og kunnskapen

Oselvaren er ein smekker åpen bruksbåt, mjukt bygd av tynne materialar og berre tre bordgangar. Båten har tradisjonelt vore brukt til transport og fiske. Han er kjend som ein særs lett robåt og snøgg seglar, og i tillegg som ein trygg båt.
Oselvaren er bygd av furu og eik, lengda kan variera frå 8-18 båtalner (totallengd 4,5-10,0 m). Ein båtal er ca 55 cm. Vanlegaste storleikane er færing (9-11 båtalner) og seksæring (11-13 båtalner), men ein kan òg finna både mindre og større utgåver. Færingar vert bygde med tre bordgangar og tre band med betar over dei to fremste. Større båtar kan òg ha kjølrenne (vanleg frå 11,5 båtalners lengd), meir innved, todelt børabord og todelt ripebord.

Oselvarverkstaden byggjer båtar og tek vare på det eldgamle båtbyggjarhandverket. Den tradisjonelle båtbyggjarkunnskapen om oselvaren er framleis særs detaljert og komplett. Slik kan oselvarbyggjarane bygge båtar med nett dei eigenskapane brukarane treng.
Nokre timar kvar dag kan publikum koma inn på verkstaden og snakka med båtbyggjarane og sjå på når dei arbeider. Verkstaden har òg ei utstilling i andre høgda som illustrerer historisk bygging og bruk.

Det er stor interesse kring oselvaren og mange lag og foreninger brukar oselvaren til kapproing og kappsegling.
Grupper frå private og offentlege verksemder, organisasjonar og undervisnings-institusjonar får omvising på Oselvarverkstaden. Niandeklassane ved skulane i Os vitjar verkstaden kvart år i samband med prosjektarbeid om oselvaren, dette som eit tiltak i Den kulturelle skulesekken.

Utøvere med høy kompetanse

Båtbyggjarane Berit Osmundsen, Leif Harald Amundsen, Maik Riebort og Stig Salbu Henneman er tilsette på Oselvarverkstaden, men det finns og andre som kan handverket. Eit aktivt samarbeid med dei som brukar båten er særs viktig for å ta vare på tradisjonen.
Kunnskapen er vidareført fra båtbyggjarslekt som Askvik, Drange og Søvik. Ved oppstarten av Oselvarverkstaden i 1997 var Harald Dalland og Nils Olav Solbakken dei to som leverte tradisjonen vidare til dagens båtbyggjare.

Kunnskapsoverføring

Oselvarverkstaden byggjer og reparerer båtar på den gamle måten. Lærlingar, yngre og meir erfarne båtbyggjarar arbeider i lag og overføringa av kunnskap skjer gjennom samarbeid og i praktisk arbeid.

Historisk bakgrunn

På 1800-talet var oselvaren den dominerande båttypen mellom fiskarane langs heile Hordalandskysten, og etter den store omveltinga i fiskeria kring førre hundreårsskifte, då fiskarane byrja ta i bruk større båtar som dei sette motor i, var det berre Os og Strandebarm som overlevde som båtbyggjarbygder i Hordaland.
Han har vore kjend som ein særs lett robåt og snøgg seglar, og i tillegg som ein trygg båt.

Båten fekk ein symbolsk og kanskje viktigare status då borgerskapet i Bergen tok den i bruk på på slutten av 1800tallet. Båttypen blei mot slutten av 1800tallet óg tatt i bruk som regattabåt.

I 2009 blei båten kåra til Norges Nasjonalbåt gjennom ein folkeleg avstemming. I dag brukast båten til regattasegling, men ikkje minst til friluftsliv og fritidsfiske med tradisjonelle reiskap.

Kan du bidra med innhold til artikkelen? Foreslå bilder til bidraget eller foreslå forbedringer av tekst

Spørsmål og kommentarer

Legg igjen en kommentar