Springar frå Osterøy

Springar frå Osterøy er ein pardans og høyrer i folkedans samanheng til hovudgruppa Bygdedans. Springaren er ein del av bygdedanstradisjonane innanfor eit tradisjonsområde som strekkjer seg frå og med Rogaland til og med Sunnfjord. Denne tradisjonen kan førast tilbake til 1600 talet eller kanskje jamvel før. Springar frå Osterøy er ein av mange former for springarar i Hordaland. Dansen følgjer eit oppbyggingsmønster som har tre ulike delar; vendingsdel, lausdans og ein samdansdel.
Dansen vert dansa til slåttespel på Hardingfele.

Skrevet av Geir Reigstad. Sist oppdatert 20. oktober 2020. Vil du gjenbruke innholdet? Innholdet har fri gjenbruk

Om tradisjonen og kunnskapen

Dansen er motivrik og følgjer eit oppbyggingsmønster som har tre ulike delar; vendingsdel, lausdans og samdansdel.
• Vendingsdelen er den rikaste delen med flest motiv og mest variasjonar. Dansarane held kvarandre mest alltid i hendene i vendingsdelen og kan flytta seg framover eller rundt saman i eit eller fleire faste tak. Vendingsdelen har nokre særmerkte motiv. Det er berre i Sunnfjord det finns tilsvarande motiv.
• I lausdansen slepper gut og jente kvarandre og dansar kvar for seg.
• I samdansdelen held paret saman med eit eller anna samdanstak og dansar eller svingar rundt.

Rekkjefølgja på motiva i vendingsdelen kan ein variera slik det måtte passa. Skifting av motiv gjennom heile dansen følgjer skifting av motiv i slåtten (musikken) det vert dansa til. Det er heile tida eit samspel mellom spelemannen/spelekvinna og dei som dansar.

Grunnstega i springaren vert kalla springsteg. Dette er jamne steg som i dag vert dansa til ¾ takt. Men, stundom kan guten svikta vekk eit steg eller fleire.

Springaren, slik den er nedteikna her og vist på video, er hovudsakeleg i form etter Andreas Vedå (22.12.1894 - 03.06.1992). Andreas, som vert rekna for kjelda til springaren slik den vert dansa i dag, heldt ein del kurs på 1960-1970 talet.

Springaren har, frå byrjinga av 1980-talet og fram til kring 2010, vore mykje nytta i tevlingar på lokale, regionale og nasjonale kappleikar både som pardans og lagdans. Elles har dansen vore i bruk og er framleis i bruk i sosiale samanhengar innanfor folkedansmiljøet.

KOMMENTAR TIL VIDEOAR
Springar frå Osterøy. Del 1 av 6: Introduksjon
Kort om Osterøy Spel- og Dansarlag.
Utvikling av springaren dei siste 50 åra.
Opptak frå desember 2008.
Foto og regi: Helene Spurkeland

Springar frå Osterøy. Del 2 av 6: Opplæring
Jartru og Geir Reigstad viser oppbygging og gjennomføring av dansen steg for steg.
Spelekvinne: Silje Midtbø Vevle
Opptak frå desember 2008.
Foto og regi: Helene Spurkeland

Springar frå Osterøy. Del 3 av 6: Framdrift
Jartru og Geir Reigstad har utforming av springaren vidare og sett sitt eige preg på den ved at vendingar og overgangar får meir flyt og at det er noko større framdrift enn slik dei lærte den i 1981.
Spelekvinne: Silje Midtbø Vevle
Opptak frå desember 2008.
Foto og regi: Helene Spurkeland

Springar frå Osterøy. Del 4 av 6: Heile dansen utan bunad
Jartru og Geir Reigstad dansar heile dansen utan bunad.
Spelekvinne: Silje Midtbø Vevle
Opptak frå desember 2008
Foto og regi: Helene Spurkeland

Springar frå Osterøy. Del 5 av 6: Heile dansen med bunad
Jartru og Geir Reigstad dansar heile dansen med bunad.
Spelekvinne: Silje Midtbø Vevle
Opptak frå desember 2008
Foto og regi: Helene Spurkeland

Springar frå Osterøy. Del 6 av 6: Arkivopptak Klara Antun og Andreas Vedå (1967)
Klara Antun og Andreas Vedå dansar springar i tradisjon frå Osterøy. Opptaket vart gjort 20.06.1967. Filmen er ikkje lydsett på grunn av manglande synkroniseringsreferanse.
Olav Antun spelte hardingfele
Norsk senter for folkemusikk og folkedans

Utøvere med høy kompetanse

Jartru og Geir Reigstad har frå midt på 1980 talet og fram til i dag stått for ein stor del av vidareføringa av dansetradisjonen i form av å halde kurs delteke i om lag 30 år på ulike kappleikar i Noreg. Dei lærte springaren av Ellinor og Torbjørn Antun i 1981. Dei hadde i sin tur lært dansen hjå Andreas Vedå. Jartru og Geir har utforma springaren vidare og sett sitt eige preg på den ved at vendingar og overgangar får meir flyt og at det er noko større framdrift enn slik dei lærte den i 1981.

Jartru Reigstad, Åsen 31, 5281 Valestrandsfossen. E-post; jartru@online.no, Telefon +47 90670462

Geir Reigstad, Åsen 31, 5281 Valestrandsfossen. E-post; g-reig@online.no, Telefon +47 48284289

Kunnskapsoverføring

Dansen vert for det meste lært bort til nye utøvarar gjennom kurs. Ofte lærer ein først ei kortform av springaren før ein so lærer heile springaren.

Historisk bakgrunn

På Osterøy har det truleg frå gamalt av vorte dansa ulike variantar/former av springaren. Etter kvart som tida har gått har dansen vorte meir ‘’uniformert’’.

Springaren, slik den vert dansa i dag, er hovudsakeleg i form etter Andreas Vedå (22.12.1894-03.06.1992).
Andreas Vedå heldt ein del kurs på 1960-1970 talet.

Jartru og Geir Reigstad har frå midt på 1980 talet og fram til i dag stått for ein stor del av vidareføringa av dansetradisjonen. Dei har utforma springaren vidare og med det sett sitt særpreg på dansen.

Plan for videreføring

§ 1 FØREMÅL:
Osterøy Spel- og Dansarlag (OSDL) skal arbeida for å halda levande interessa og vørdnaden for folkemusikk- og dansetradisjonar. Særleg skal det leggjast vekt på at dei folkelege tradisjonane i slåttespel, vokal folkemusikk og bygdedans frå Osterøy på best mogeleg måte vert dyrka og tatt vare på.

Pr. i dag vert praksisen halde i gang ved at:
• Dansepar praktiserer dansen ved ulike stemner, festivalar, kappleikar og andre sosiale samkomer
• Jartru og Geir Reigstad heldt kurs for nybyrjarar og vidarekomne dansarar
• Det har og vorte lært vekk springaren ved Ole Bull Akademiet i samband med kurs for musikkstudentar (i snitt eit par gonger i året)

Kan du bidra med innhold til artikkelen? Foreslå bilder til bidraget eller foreslå forbedringer av tekst

Spørsmål og kommentarer

Legg igjen en kommentar