Testing av treski med vidjebinding

Testing av treski med vidjebinding

Skimaking

Ski har vore og er ein viktig del av Noregs kulturarv og identitet. Skia var viktige fordi folk kunne bevege seg over store avstandar på vinterstid og skia var nødvendige jakt og arbeid. Kunnskapen om å lage ski til ulike formål og terreng gjorde at det snødekte terrenget ikkje var til hindring, men til hjelp for å flytte seg over store avstandar.
I Noreg har me uttrykket «født med ski på beina», det fortel kor viktig ski er i norsk historie.

Skrevet av Norsk ski- og skimakarforeining. Sist oppdatert 20. oktober 2020. Vil du gjenbruke innholdet? Innholdet har fri gjenbruk

Om tradisjonen og kunnskapen

Ski kjem av namnet «skið» som betyr splitte eller kløyve. Det var starten på dei fyrste skia, ein kløyvde eit trestykke og festa dei på føtene.
Noreg er eit langstrakt og vanskeleg land å ferdast i, og det var i tidlegare tider lite kommunikasjon mellom dei ulike landsdelane. Derfor vart det mange lokale skityper som vaks fram alt etter kva behov ein hadde, kva for terreng ein bevega seg i og kva for treslag ein bruka. Skimakaren måtte ha denne kunnskapen for å lage gode ski og denne kunnskapen vart munnleg bringa vidare frå generasjon til generasjon.

Skia kunne vera korte og breie, andre var lange og smale. Skia kunne ha parallelle sider, eller vera trapes, båt-forma eller innsving. Nokre stadar vart skia kledd med skinn for å gi eit godt feste og ein god glid på fleire typar sno. Ein spesiell tradisjon er bruken av ein lang og ein kort ski. Dette kan vera ein blanding mellom to ulike tradisjonar med korte skinnkledde ski og lange tennar (hard, glatt trykkpåverka ved) ski. Den korte skinnkledde skia vart bruka til fråspark og den lange skia primært til å gli med. Mange eldre hugsar sikker at dei bruka tønnestaver som ski når dei var små barn.
Bjørk glir spesielt godt når snoen er kald. Furu gir lette ski som er godt impregnera mot våt sno, spesielt når det er kjerneved (sentrumsved) som vart bruka, mens tennar ski er gode på skare. I tillegg til å vera slitesterke på hard sno, har tennar ski ofte eit kraftig spenn. Selje er best på snofokk , ask, alm og rogn vart rekna for å vera sterke, ha god spenst og gli. Det vart sagt at «alm og rogn var så glatte at det var som å ha fanden sjøl bak deg» Lønn til skiemne ga også gode ski, og i delar av Sør-Noreg var det rekna for å være blant dei beste skia. Eik vart også brukt ganske mykje i Sør-Noreg.

Det vanlege var å bruke ein stav. Staven kunne brukast til å gje fart, den kunne brukast til å bremse med og som hjelpemiddel for å svinge. Staven kunne òg brukast til å forsvare seg med. På slutten av 1800-talet vart det meir vanleg med to stavar og med trinse og handtak som me kjenner til i dag.

Å lage treski er eit samspel av fleire faktorar og arbeidsprosessar i rekkefylgje. Skitypene rundt omkring i landet og bruken av ulike treslag, gjer at det ikkje er ein lik manual eller fasit for å lage ski. Det å lage ski frå eit stykke tre er ulikt frå å lage laminera, limte treski og dei ulike treslaga har eigenskapar som ein må ta omsyn til.

Likt for all skiproduksjon er å finne gode det gode skiemne og her var lokalkunnskapen viktig. Arbeidet startar ute i skogen og rettvokst og kvistfritt virke er viktig uansett treslag og skitype. Øks og sag var nødvendig reiskap, og ofte vart skiemna kløyvd med kilar og grovhogge ute i skogen for å sleppe å dra for tungt lass med heim.
Emna var lagt til turking om ein ikkje bruka for eksempel tørr furu. Før industrialiseringa og maskinene overtok, var øksa, høvelen og kniven det viktigaste verktøyet. Skia vart forma etter den skitypa ein ynskte, ofte bruka ein mal for at skia skulle bli mest mogeleg like.

Fremre del av skia, tuppen (nokre stadar vart det kalla hav), vart dampa ved hjelp av kokande vatn. Den våte, varme delen av skia vart bøygd i ein mal som var laga til dette formålet, ofte kalla skibøyar, og tuppen vart lagt i spenn til den var tørr. Tuppen hadde ofte ulik utforming og for mange skimakarar var dette signeringa av skia.
Rundt omkring i landet var det ulik dekorering av skia. Nokon ski var veldig enkle medan andre var utsmykka med flotte utskjeringar eller at det var rissa inn striper/rendar. Oske og kol frå omnen vart ofte bruka til fargelegging oppe på skia.

Ski laga av hardved hadde ofte ei eller fleire reiter på undersida (utskoren midtrand)). Dette var viktig for å ha meir stabile ski sidelengs for å gå og løype med. På ski laga av furu og gran var ikkje det nødvendig med midtrand. Ved å lage furu-/granskia slik at årringane fylgde lengderetning av skia ville overgangane mellom blaut og hard ved sjølv lage til ein struktur/striper når skia vart litt bruka. Tjære vart ofte bruka som impregnering.

Bindingen var av lær eller vidje. Vidje lagar ein lettast på våren, då er trea lette å vri og barken løsnar lett. Bindingane ein bruka var tåbinding, ilkebinding og hælbinding. Etter kvart på slutten av 1800-talet var det vanleg med bindingar av metall, og det vart stadig utvikla og patentera ny bindingar utover 1900-talet.

Frå midten av 1930-talet vart det meir og meir vanleg med laminera, limte treski der ein nytta fleire treslag saman i produksjonen. Ofte var det hardved i sålen som for eksempel hickory medan lettare treslag vart bruka i konstruksjonen. Dei ulike delane vart lagt saman i ei form og ved hjelp av lim, høgt trykk/press og varme vart delane pressa saman. Etter at skia hadde stått i pressa vart dei saga til ved hjelp av ei bandsag og pussa med slipemaskin før fargelegging og lakkering.

I dag brukar dei fleste kunststoffski som er kjøpt frå ein sportsbutikk og produsera i ein skifabrikk. Det er eit mangfald av skityper. Fjellski, langrennsski og alpinski er eksempel på type ski som har ulike bruksområder.
Det finst små nisjeproduksjonar som brukar tre som ein viktig del av skia. Det har bakgrunn i at tre ikkje er eit dødt materiale og ein ynskjer meir «liv» i skia. Ein kan òg få kjøpt laminera treski. Spesielt på jakt og for barn er dette gode ski.
Eit lite fåtal lagar sine eigne ski frå eit stykke tre som har tradisjonar langt tilbake. Nokre kjøper òg slike ski.

Utøvere med høy kompetanse

Det har vært mange forskjellige skimakartradisjonar, og det var eit rikt mangfald av skiuttrykk og lokale tilpassingar før sporten la føringar for kva som var idealski. Mangfaldet vart langsamt viska ut med industrialiseringa og sportens inntog frå midt på 1800-talet. Når industrialiseringa overtok og laminera treski vart det vanlege, forsvann òg mykje av lokalkunnskapen som var igjen.

Noko av tradisjonen og kunnskapen om ski er dokumentert og tatt vare på gjennom gjenstandar i museum og dokumentasjonsprosjekter, eit arbeid som ofte vart utført av enkelt personar med særleg interesse. Det meste har vore knytt til bruken av ski og ski som ferdige gjenstandar, men før dei kan brukast så må dei lagast. Noko verktøy og gjenstandar knytt til skimaking er samla inn og litt er skrevet ned. I tillegg er det laga 3-5 filmar.

I seinare tid har Norsk Handverksinstitutt i samarbeid med eldsjeler gjennomført dokumentasjons-prosjekter for å bringe vidare denne kunnskapen. Norsk ski- og skimakarforeining er stifta for å ta vare på skimakartradisjonen. Gjennom skimakarkurs, bruk av treski og prosjektarbeid vil skimakarforeininga ta vare på tradisjonen og bringe den vidare.

Kunnskapsoverføring

Dokumentasjon som er gjort av Norsk Handverksinstitutt, Senter for immateriell kulturarv, er offentleg og tilgjengeleg. Filmar, bilete og tekst viser korleis ein kan lage ski frå ein hentar emne i skogen til skia er ferdig.
Det finst i dag personar/miljø som på eigen hand eller i samarbeid med Norsk Handverksutvikling eller museum, har lært seg ulike teknikkar for å lage treski. Det finst òg kurs der fagpersonar lærer bort skimaking slik at ein kan lage sine eigne ski som godt kan brukast i laussno til fritid og jakt.

Historisk bakgrunn

Med skia som ein oppfinnelse vart snørike områder som før hadde vore hinder, nå områder som opna mange nye mogelegheiter. Store avstandar om vinteren vart ikkje lenger ein utfordring, og ein kunne utvide jaktområdet og frakte ting lettare på vinterstid. I mytologien har ein skigudar og viktigheten med å vera ein god skiløpar vart framheva i den norrøne historia.
Det er vanskeleg å tidfeste når det fyrste skispora var sett i Noreg, og det er fleire teoriar om kvar skia har sitt opphav frå. Ifølge Fritjof Nansen vart skia brakt til Skandinavia av samane som følgde etter reinen. Dette var lenge før dei skandinaviske nasjonalstatane var etablera. I Nansens bok "Ski over Grønland" frå 1890, i kapittelet som heter "Ski og skiløbning", beskriv Nansen utviklinga av bruken av ski. I dag er dei fleste skihistorikarar einige i denne teorien og at bevisa fører oss til Baikal og Altai-regionen som den sannsynlege staden for skia sin opphavsstad for 8-10 000 år sidan.

I Noreg har me gamle spor om bruken av ski som helleristingane på Rødøy og Bøla som begge viser ein mann på ski. Av fysiske funn av ski er Drevjaskia i Nordland det eldste som er tidfesta til ca. 5 000 år gamal.

Skiene har ein spesiell plass i norsk historie, både som ein del av norsk identitet og som ein fritidsaktivitet. Noreg var eit av dei fyrste landa med militære skiavdelingar. Skia og kunnskapen om skimaking la grunnlaget for dei vellykka polare ekspedisjonane til Nansen og Amundsen. Det var nordmennene som utvikla dei grunnleggande formene for langrenn, hopp, alpint og skiskyting, desse har stor popularitet i dag
Noregs geografi med mange hinder som fjellovergangar, store vidder og islagte fjordar gjorde at skia var eit nødvendig transportmiddel vinterstid. Skia var ein arbeidsreiskap som folk bruka når dei skulle til skogs for å hogge tømmer, hente høy frå uteløer, jakt, til kyrkje på sundagane eller andre nødvendige gjeremål når landskapet var snolagt.
Dei militære skiavdelingane hadde allereie på 1700-talet øvingar og konkurransar i militært bruk med våpen og ski. Det var ein veldig viktig del av den militære treninga.

Det tok lang tid før vanlege folk byrja å bruke skia til anna enn arbeid. Midt på 1800-talet byrjar det å bli tilstellingar der folk samlast og leikar og konkurrerer på ski. Tromsø, Trysil og Høydalsmo blir ofte nemnt som dei fyrste stadane i Noreg der det var organisera skikonkurransar. Dei fleste laga sine eigne ski og skia hadde ulike mål og var laga av ulike treslag. Nokre fekk godt rykte på seg for å lage gode ski, og det vart skimakarar på bygdene som laga ski for sal eller for å bytte i andre varer.
Ikkje før mot slutten av 1800-tallet, då ”Centralforeningen for Udbredelse av Legemsøvelser og Vaabenbruk” starta sitt arbeid med å registrere dei ulike skitypene rundt i landet, at det vart meir «standardisering» av skia. Dei arrangera skiutstillinger og plukka ut skimodellar som vart sendt rundt i landet som normski som lokale skimakarar kunne etterlikne. Dette arbeidet fortsette ”Foreningen for Ski-Idrettens Fremme” og i 1896 fikk Fritz Huitfeldt gullmedalje for sin ski av Telemarks-type. Resultatet av dette var at skia byrja på bli veldig like rundt omkring i landet. Det vart etablera mange skifabrikkar og delar av den lokale kunnskapen forsvann.

Telemarksskia med innsving vart modell for skiproduksjonen i Noreg i lang tid framover, jamvel i dag er denne type ski mal for moderne ski.
Desse skia var ein etterlikning av skia som Sondre Norheim laga. Sondre vaks opp i Morgedal i Telemark. Han var ein framifrå skiløypar og vidareutvikla ski med innsving og hælbinding av stiv vidje. Dette bruka han blant anna på eit skirenn i Christiania (Oslo) i 1868 som han vant suverent. Det blir frå mange skihistorikarar påpeika at dette skirennet og Sondre sine ski og bindingar, endra bruken av ski i Noreg. Sondre Norheim har i ettertid blitt kalla «far til den moderne skisport».

Produksjonen av ski endrar seg på slutten av 1800-talet. Øks, høvel og kniv blir erstatta med maskiner når det blir tilgjengeleg med straum eller andre driftskjelder. Det blir framleis laga ski av eit stykke tre og skimakarkunnskapen er viktig. Produksjonen blir meir industrialisera og det er til tider 50-70 skifabrikkar/skimakarverkstadar rundt omkring i landet.
Midt på 1930-talet blir det meir vanleg å lage ski av fleire ulike treslag og lime desse saman. Skia blir meir stabile og det blir lettare å lage spenn i skia. Det blir òg meir vanleg med spesialski til langrenn, hopp og alpint. Utviklinga går vidare til treski med plastsåle og på 1970-talet overtar glasfiber og plast skiproduksjonen.
Pr. mai 2017 er det bare Rønning ski som produserer laminera treski i større mengder. I tillegg er det eit fåtal skimakarar som lagar treski i små mengder.

Plan for videreføring

Foreininga Norsk Ski- og Skimakarforeining vart stifta våren 2017 og har denne formålsparagrafen:
"Foreininga skal ta vare på norske skimakartradisjonar og formidle denne rike og viktige kulturhistoria.
Dette skal skje ved å fremme bruken av ski som er laga av norske bærekraftige materialar. Produksjonen skal skje i Noreg og arbeidet må ikkje vera til skade for natur og miljø.
Foreininga skal arbeide for å utveksle og utvikle kunnskap/interessa om treski og skimaking og verne om skimakarhandverkets kulturarv.
Foreininga skal hjelpe til med å motivere eksisterande og nye skimakarar i arbeidet med å lage ski.
Foreininga skal også være ein møteplass for nettverksbygging og utveksling av skimakartradisjonar nasjonalt og internasjonalt."

Det er eit lite miljø som i dag har kunnskapen om skimaking og kompetansen til å lage treski på den tradisjonelle måten. Ved å auke merksemda til skimakararhandverket håpar foreininga at skimaking som handverk vil bestå og inspirere til utvikling framover. I dialogen mellom skimakararen og skiløparen/brukaren er det rom for å utvikle nye ski.
Norsk Ski- og Skimakarforeining vil jobbe nasjonalt og internasjonalt for å ta vare på denne kulturarven. På sikt er det eit mål at skimaking blir tatt opp på Unesco si verdsarvliste for immateriell kulturarv. Det er i 2019 eit samarbeid mellom skimakarmiljøet, Norsk Handverkinstitutt og Universitetet i Sørøst Noreg. Prosjektet skal sjå på mogelegheitene og arbeidet rundt ein søknad til til Unesco.

Kan du bidra med innhold til artikkelen? Foreslå bilder til bidraget eller foreslå forbedringer av tekst

Spørsmål og kommentarer

Legg igjen en kommentar