Montering av Vest-Telemarkbunad til kvinne

Forskingsprosjektet Immateriell kulturarv og tradisjonshåndverk har hatt som hovedmål å utvikle ein modell for å ivareta tradisjonshåndverk som står i fare for å døy ut. Som case har montering av Vest-Telemarkbunad til kvinne vorte dokumentera gjennom film. Overføring av kunnskap om tradisjonen har hatt stort fokus og intervju med både tradisjonsbærar, elev, kundar og produsentar har vore foretatt. Korleis skal kunnskapen i og om håndverket leve vidare i framtida?

Skrevet av Marthe Haugerud. Sist oppdatert 20. oktober 2020. Vil du gjenbruke innholdet? Innholdet har fri gjenbruk

Om tradisjonen og kunnskapen

Våren 2016 fikk Norges Husflidslag og Høgskulen i Søraust-Noreg økonomisk støtte frå Oslofjordfondet til å lage eit forskningsprosjekt om Immateriell kulturarv og tradisjonshåndverk. Telemarksforsking var ein initiativtakar til prosjektet og hovedmålet med arbeidet var å utvikle ein modell for å ivareta håndverk som står i fare for å døy ut. Montering av Vest-Telemarkbunad til kvinne er valt som case. Norges Husflidslag blei i 2014 akkreditert som ein NGO (Non-governmental organisation) av UNESCO og det er i denne sammenheng me tok til med dette arbeidet. Les meir om Norges Husflidslag som NGO på www.husflid.no. Arbeidsprosessen med montering er dokumentert på film i over 20 timar. Filmane og bileta syner tradisjonsbærar Åse Bratland i Edland (Vinje kommune) som lærer kunnskapen sin vidare til ei yngre jente i bygda, Signe Rui. Me har og intervjua tradisjonsbærar, elev, kundar og næringsutøvarar i faget. Rapporten er ferdig per 1. april 2017 og kan lastas ned på www.husflid.no.
Sjå: http://www.husflid.no/om_oss/aktuelt/ny_forskning_paa_tradisjonshandverk

Montering av bunad er eit tidkrevande og nøyaktig arbeid. Ein treng mykje kunnskap, rett materiale og verkty samt ein god og tilrettelagt arbeidsplass. Mari Rorgemoen fra Høgskolen i Sørøst-Norge og Marthe Haugerud fra Norges Husflidslag har arbeidd med prosjektet fra 01.04.2016 - 01.04.2017. Arbeidet har i hovedsak bestått av dokumentasjon gjennom film, formidling, arbeid med nærings-aspektet og opplæringsmulighetane i faget.

Det finst både profesjonelle i bedrifter, enkeltpersonar, men og hobbyutøvarar som utøvar faget.
Bunadtilverking kan drivast av alle, men ein kan ta fagbrev og være lærling i bedrift. Den formelle og uformelle praksisen lever side om side. Det er ikkje alltid papira tel mest, men heller eit "godt rykte" innafor denna delen av handverket. Tradisjonane knytta til bunadtilverking står i fare for å døy ut. Ein av grunnane er stor konkurranse fra produksjon i utlandet, ein annan er få muligheter for utdanning i faget. Fleire og fleire produserar delar eller heile drakter utafor Norge. Dette løner seg verken økonomisk eller kulturelt på lengre sikt. Kunnskapen om bunad som eit varig plagg og som kan brukast i generasjonar er knytt til kunnskap om materialer, verkty, teknikkar og handtering. Kunnskap om variasjonar, form, dekor, symbolbruk og framstilling er knytt til veldig lokale område og nokre gonger til enkeltpersonar som bringer kunnskapen vidare. Dette er ein særs viktig del av vår levande tekstile kulturarv i Norge. Det er viktig å ikkje flagge kulturarven vår ut av landet.

Utøvere med høy kompetanse

Per i dag er det mange som beherskar tradisjonane innafor bunadtilverking. Feltet er veldig stort og det finnes alt fra standardiserte drakter til eit enormt mangfald i tradisjonane. Utfordringa ligg i at mange produserar til ein pris som ikkje vil løne seg i framtida og rekrutteringa til faget er ikkje stor. Bunadproduksjon er ofte knytta til binæring og kvinnehandverk. Dette har vore underbetalt arbeid dei siste åra og det er problematisk for å kunne lønne seg i næringsvirksomhet i samfunnet i dag. I Telemark er det i underkant av 30 personar som arbeider heilt eller delvis med montering av Vest-Telemark bunad til kvinne. Det finst produsentar som produserar delar eller heile drakta i utlandet.

Kunnskapsoverføring

Kunnskapen har tradisjonelt vore overført i generasjon til generasjon. Nokre familiar hadde egne mønstre. I dag er dette fortsatt levande i nokre miljø, men det er nok mest vanleg å gå på kurs eller være i opplæring hjå enkeltpersonar eller i bedrift. Kunnskapen er kompleks da det ofte er eit stort fagfelt ein skal beherske. Til dømes må ein kunne historie, drakthistore, ha kunnskap om materiale, verkty, fargar, teknikkar og kombinasjonar. Ein må kunne ta mål, behandle kundar, føre reknskap i tillegg til å kunne klyppe, montere, sy på maskin og saume for hand. Ein bør ha kunnskap om mønster, klypping, mønsterteikning, brodering, kantmateriale, fargekombinasjonar, band, tråd, broderigarn, sølv og anna tilbehør. Det er mange teknikkar, sting og forskjellige materiale som brukast i dei forskjellige delane og prosessane. Ein bør òg kunne veve, lage duskar, slenge og flette band. Da bør ein ha kunnskap om grindevev, brikkevev, hoseband, hårband, lengder, format, montering og bruk. Ein bør òg kunne ein del om draktas historie og tilknytning til lokalområdet samt bruken av plagget til fest, i bryllup, til jul, begravelse m.m. Når ein skal lære om bunadtilverking bør ein kanskje konsentrere seg om grunnprinsipp for så å spesialisere seg på område innafor tradisjonsområde knytt til geografi, tidsepoker, teknikkar eller delprosessar.

Historisk bakgrunn

Sitat hentet fra nettsida til Norsk institutt for bunad og folkedrakt bunadogfolkedrakt.no:
"Bunad"
I snart 150 år har nordmenn brukt bunad i ulike høve og til ulike formål. Den allmenne og folkelege bruken av bunad i Noreg er eineståande i europeisk samanheng. Medan ein i andre land fyrst og fremst brukar bunader i samband med folkedans, er bunad i Noreg festplagg som blir brukt av folk flest, unge og gamle.  I dag er bunadsbruken meir populær enn nokosinne, og det finnes rundt 450 drakter og plagg som går under namnet bunad, ei samling som er svært rik og mangfaldig.
 
Kva er bunad for deg?  For mange er bunad tradisjon fordi fleire generasjonar i familien har same bunad, eller fordi bestemor har sydd bunaden. På same tid er bunaden ein identitetsmarkør - han viser kor ein kjem i frå. Felles for alle er at bunaden er eit høgtidplagg, høgt verdsett, uansett slag og opphav. Ved at bunaden gjerne blir brukt i samband med familiens høgtider gjennom livet, får plagget høg symbolverdi. 
 
Holdningar til korleis og i kva grad bunadene skulle halde seg til dei gamle folkedraktene har vore i stadig endring. Svært forenkla kan bunadene delast inn i grupper, alt etter kva bakgrunn dei har:

1. Bunader som representerer siste ledd i ei folkedraktutvikling.
Folkedrakta, særleg til fest- og høgtidsbruk, fekk etterkvart ny interesse og funksjon som bunad, utan å ha gått ut av bruk.
2. Bunader som har bakgrunn i ei folkedrakt som var gått av bruk, men som ikkje var gløymd. Til tross for at folkedrakta hadde gått ut av bruk, visste mange korleis den hadde vore i store drag. Til dels laga ein nye plagg etter dette og til dels brukte ein gamle plagg.
3. Bunader som er systematisk rekonstruerte på grunnlag av bevarte, gamle folkedraktplagg, frå same område, periode og drakttype.
Desse bunadane er rekonstruert frå ei folkedrakt etter at denne var gått ut av bruk. I rekonstruksjonsprosessen har ein nytta kjelder som fortel om drakttypen, t.d. skriftlege opplysningar, biletstoff og munnleg tradisjon.
4. Bunader som er laga på grunnlag av eit tilfeldig og mangelfullt gammalt draktmateriale. Dei delane ein ikkje fann førebilete til, har ein utforma i stil med resten av drakta.
5. Bunader som heilt eller delvis er fritt komponerte.
Enkelte av desse har trekk frå folkedraktmaterialet, medan andre har henta inspirasjon frå ulike typar gjenstandar eller plagg."
 

Plan for videreføring

Mange delar av tradisjonane knytt til bunad og folkedrakt står i fare for å dø ut. Kunnskap om tekstil tilverking er ikkje verdsatt i utdanningsforløpet dei siste åra. Basiskunnskap som kvinner flest beherska bare for nokre tiår sidan er nå fjern kunnskap for yngre generasjonar. Kunnskap om materialer, teknikkar og tradisionshåndverk knytta til tekstil framstilling er utdøyande. Ein bør ha kunnskap om bl. anna ull, vev, søm, broderi, teknikkar og korleis alt heng saman for å beherske dette faget. Det er faktisk ein liten framgang i kor mange som tar fagbrev i bunadtilverkarfaget, men me snakkar om veldig få som blir utdanna kvart år i Norge. Den uformelle kompetansen lever vidare gjennom ildsjeler, studieringar og kurs. Norges Husflidslag har mange slike arenaer der kunnskap blir vidareført i eit frivillig apparat. Det er og starta opp ei modulbasert utdanning i bunadtilverkarfaget som er bygd opp kring læreplanen i vidaregåande skule og kan føre til svennebrev. Denne utdanninga er eit samarbeid mellom studieforbundet kultur og tradisjon, Norges Husflidslag og Noregs Ungdomslag. Sjå: www.kulturogtradisjon.no for meir informasjon om utdanninga. Norges Husflidslag samarbeider med bl.a. Norsk Håndverksinstitutt for å ivareta små verneverdige fag. Les meir om dette på handverksinstituttet.no.

Kan du bidra med innhold til artikkelen? Foreslå bilder til bidraget eller foreslå forbedringer av tekst

Spørsmål og kommentarer

Legg igjen en kommentar