Memoar – Munnleg historie og videointervju

- Alle har ei forteljing å dele, er mottoet til organisasjonen Memoar. Og alle blir gjennom Memoar inviterte til å dele sine forteljingar og erfaringar gjennom opne eller tematisk orienterte intervju, festna for ettertida gjennom video. Ved å ta i bruk eksisterande teknologi som kamera, lydutstyr eller mobiltelefonar, kan kven som helst inviterast til å bidra til dokumentasjonen av livet slik vi lever det i dag, og slik vi minnest det i fortida. Munnleg historie i form av audio- og videointervju er ein kjeldekategori som kan nyttast til å forstå samtid og fortid, og gir høve til deltaking i demokratiet og samfunnsminnet for ein større del av befolkninga.

Skrevet av Memoar. Sist oppdatert 30. september 2021. Vil du gjenbruke innholdet? Innholdet har fri gjenbruk

Om tradisjonen og kunnskapen

Å dele forteljingar har menneske halde på med frå tidenes morgon. Utan skriftkultur, har forteljing og munnleg overføring vore måten grupper og samfunn har heldt på historien sin. I dag blir mykje tatt vare på gjennom skriftlege kjelder. Historia til samfunnet blir tatt vare på ut frå det som blir opplevd som arkivverdig av institusjonar og organisasjonar. I stor grad gjeld det skriftlege kjelder knytt til register, rekneskap, og oppføringar. Også enkeltmenneska dokumenterer liva sine, men kjem i mindre grad til synes på ein systematisk måte. Å fortelje, og delta med eiga røyst i dokumentasjonen av kvardagsliv og erfaring, er ein måte immateriell kultur opnar for medverknad i historieforteljinga for ettertida for ei vidare befolkingsgruppe. Fleire stemmer kan dermed bli høyrt. Ved å bruke video legg vi til fleire dimensjonar som kroppsspråk og mimikk, og vi får innblikk i klede og liknande skikkar som elles i stor grad blir tatt for gitt. Der intervjua er gjort heime hos folk får vi også eit innblikk i ulike interiør, som elles gjerne er fråverande i ei historieskriving der det er det spesielle som blir lagt merke til.

Det som i dag blir kalla munnleg historie (oral history) har lange og sterke tradisjonar i Noreg, både i kulturhistorie/kulturvitskap og historiefag. Norsk Folkeminnesamling vart oppretta i 1914, Norsk etnologisk gransking i 1947. Den store arbeiderminneinnsamlinga vart gjennomført på 1950-talet og har blitt fylgd opp mellom anna av prosjektet Arbeidsarven heilt fram til i dag. Eit døme der videointervju er nytta for å dokumentere andre sider ved samfunnet enn det som kjem fram i offentlege utgreiingar og arkiv er Koronasamtalar, eit prosjekt der Memoar gjennomførde intervju om ulike aspekt ved livet under pandemien. Dette vart gjort i samarbeid med Norsk etnologisk gransking og publisert på nettstaden minner.no.

Samlinga til Memoar på digitale videointervju er på om lag 500, der mange er tilgjengelege på nettsidene www.memoar.no, og på www.minner.no. Ein viktig del av arbeidet går ut på å lære andre å gjennomføre intervju, og minske terskelen for å intervjue og for å fortelje. For alle har ei forteljing å dele, og desse forteljingane er viktige å ta vare på.

https://vimeo.com/430669079
Kan du bidra med innhold til artikkelen? Foreslå bilder til bidraget eller foreslå forbedringer av tekst

Spørsmål og kommentarer

Legg igjen en kommentar