Langeleik. Foto Aleksander Andersen

Langeleiken i Noreg – spelet og tradisjonen

Langeleiken er eit av dei eldste strengeinstrumenta i landet. Vil du lære meir om låttane og tradisjonen?

Skrevet av KnutAastad. Sist oppdatert 1. februar 2024. Vil du gjenbruke innholdet? Innholdet har fri gjenbruk

Om tradisjonen og kunnskapen

Denne teksten byggjer på desse kjeldene:

Aksdal, Bjørn, Bråten, Ole Aastad og Kværne, Elisabeth: Langeleiken – heile Noregs instrument, Valdres Folkemuseum, 2015
Bråten, Knut Aastad: Pedagogisk materiell i langeleikundervisinga, Norsk langeleikforum, 2011
Hegge, Steinsrud: «Levande langeleik», Heilo, 1995
Kværne, Elisabeth: «På langeleik», Heilo, 1985

Dei som ynskjer å endre eller å supplere teksten kan sende melding nedst på denne sida, under: «Foreslå forbedringer av tekst».

*

Langeleiken er ei langsmal kasse med éin melodistreng og fleire lausklingande strengar, med stor variasjon i konstruksjon og utføring. Langeleiken er eit internasjonalt instrument og har slektningar i Norden, Europa og Amerika.

I Noreg har det vorte spelt langeleik i meir enn 500 år, og instrumentet er rekna for å vera eit av dei eldste strengeinstrumenta i landet. Fram til midten av 1700-talet var instrumentet i bruk over heile landet. Sjølv om tradisjonen og kunnskapen om han har døydd ut mange stader, er langeleiken enno ein livskraftig del av norsk kultur- og folkemusikkliv i område som Valdres, Hallingdal, Gjøvik, Telemark og i Oslo. I Valdres og i Hallingdal får barn og ungdom også tilbod om opplæring i langeleikspel i kulturskulane.

Langeleiken har hatt mange namn: langleik, langspel og langhørpe. I dag brukar dei fleste forma langeleik.

Langeleiken er eit instrument med lang resonanskasse, rundt ein meter lang og ikring ti–tolv centimeter brei. I den eine enden av kassa er eit stemmehus (òg kalla eit stillarhus) med stemmeskruar. Strengane er spente frå stemmehuset, over ei bru og til den andre enden av kassa.

Leiken har til vanleg åtte eller ni strengar. Melodistrengen ligg fremst, og det er på denne strengen du formar til sjølve melodien. Under melodistrengen er det plassert notar, som du plasserer fingrane dine på/bak. Melodien blir spelt med dei tre midtarste fingrane på venstre hand. I høgre handa har du eit plekter som du stryk over strengane og markerer grunnslaga i takta med. Halling og reinlender, klokkelåttar og springarar har alle ulike slag, og plekterslaga fylgjer alltid grunnrytmen i takta. Tonane som kjem innimellom, lyt formast medan strengen er i rørsle.

Ein spelar på langeleiken med eit plekter, også kalla snert, laga av ku- eller bukkehorn. Presten og språkmannen Knud Leem skriv i målsamlingane sine frå 1740-åra at ein òg kan spela på langeleiken med pennefjør, knappenål eller boge. Det er ikkje vanleg i dag.

Langeleiken ligg eller står på eit bord. Under kassa er det festa tre føter, som instrumentet kviler på. Gamle trebord gjev god resonans og er med på å forsterke lyden endå meir.

Skalaen på langeleikane i dag er vanleg durskala. Skalaen på dei gamle leikane kunne variere frå leik til leik, men han fylgde aldri dur- eller mollsystemet. Dei gamle langeleikane har ikkje utgangspunkt i eitt fiksert skalasystem, men i eit rammeverk av tolleg reine kvintar, og oktavar over grunntonen. Tonestega innanfor rammeverket er ikkje ei veksling av heil- og halvtonar, men av heil- og om lag trekvart tonar. Den vanlege skalaen på langeleikane i dag er vanleg durskala, men dei seinare åra har instrumentmakarar eksperimentert meir med bygging av langeleikar etter eldre modellar, og med gamal, skeiv tonalitet.

Langeleiken kan stemmast på ulike måtar innanfor tonane i ein treklang. Treklang med dur og ters er det mest brukte stillet, men dei seinare åra har fleire prøvd seg fram med andre og nye måtar å stemme leiken på: ulike molls-stille og trollstille.

Langeleiken er, samanlikna med andre instrument, lågmælt av seg. Lyden er forholdsvis svak samanlikna med mange andre instrument. Musikken høver difor godt i små lokale utan mikrofonar og andre tekniske forsterkingar. Mange av låttane har mykje driv i seg, og dei fleste av dei er danselåttar og høver fint som låttar til dans også i dag.

Bruken av leiken er i dag stor, og han er variert. Langeleiken blir brukt i ulike sosiale samanhengar, både som danseinstrument, til oppvising, på konsertar, i undervisning og i kvardagslege sosiale samkomer. Ei av dei som har vore med å gjere langeleiken kjent dei siste åra er Marit Karlberg i gruppa Sudan Dudan. Marit brukar instrumentet på fleire nye og kreative måtar, ikkje minst som tonefylgje til song. Andre profilerte langeleikmusikarar som på kvar sine måtar har jobba for å fremje langeleiken er Kari Lønnestad i Tirilitunga, Marit Steinsrud i Kammersmusikk og Ingvild Lie i gruppa Blått Gådn.

Frå gamalt veit vi lite om korleis leiken har vore brukt til song, men det finst kjelder som seier noko om dette, både frå Valdres, Hjartdal og Gudbrandsdalen. Guri Hegge (1886–1976) frå Øystre Slidre fortalde om farsyster si, Guri Hallsteinsdotter Rudi at «ho var sopass at ho song ei stemme og spela andrestemma på langeleik, og dette syntest me var sværande fint».

Dokkedans til langeleikspel er ei fascinerande uttrykksform i folkekunsten. Dansehesten til Aagot Einung (1831–1911) frå Tinn er den einaste i sitt slag som er teken vare på, men tradisjonen med dansedokker er kjend i det euroasiatiske kulturområdet. I Valdres var dette ein tradisjon som hang i ein tynn tråd lenge, men i dag ser han ut til å oppleva ein renessanse.

Bruken av dansedokker fungerer slik: I eit stødig stativ, som oftast står på eit bord, dinglar det ei lita miniatyrdokke, eller fleire. Frå dokka går det ein tråd over stativet og til fingeren på plekterhanda. Når langeleikspelaren slår takta, sprett dokka opp og ned – i takt med låtten.

Det er ein langeleik med tilhøyrande dansedokke på De Heibergske Samlinger, Sogn Folkemuseum. Dokka synte seg å vera ein svært forseggjord trefigur, ledda i knea, nydeleg skoren og med ei original klesdrakt. Dokka har tilhøyrt Marta Anfinsdotter Turtnæs frå Leine i Vang, som seinare vart gift til Brøin i Borgund.

Den eldste skriftlege dokumentasjonen på at langeleikspelarar brukar dansedokker, finn vi i O.K. Ødegårds bok Gamalt frå Valdres i 1911. Han skriv om Trond i Bagnsbrøto som var fødd i 1765: «Han hadde noko dokkefanta o dokkefento, so dansa ette spele, o fór me desse o leike ikringo mange bygda o va mykje tåhalden før spele sitt.»

Langeleiken er, i likskap med dei andre folkemusikkinstrumenta i Noreg, eit solistisk instrument, som betyr at langeleikspelet – oftast – blir utøvd av ein langeleikspelar åleine. Det finst ingen tradisjon for organiserte spelemannslag på langeleik, men utøvarane har sjølvsagt spelt i lag, i uformelle samkomer i heimane, på stemne – og dei har lært låttar av kvarandre. Tradisjon for uorganisert samspel finst, og som oftast blir det spelt unisont, nokre gonger «grovt og grant» – som betyr å spela melodien ein oktav over eller under melodilina.

Målet med spelinga varierer, sjølvsagt. I botnen ligg ei genuin glede og interesse over musikken og låttane. Kanskje var det tilfeldig at dei byrja å spela langeleik den gongen? Andre att står i sterke familietradisjonar, og kjenner på plikta og ansvaret med å føre den musikalske arven vidare.

Truleg var ikkje tradisjonsaspektet eller medvitet om han relevant for utøvarane den gongen. I dag er dette annleis: Omgrep som «kulturarv» og «tradisjon» er godt innarbeidde og kjende for utøvarane i dag og er truleg med på å påverke, styre og definere tradisjonen og musikkutøvinga.

Musikken er bindeledd mellom menneske og kulturar. Langeleiken er i likskap med all annan musikk med på å knyte menneske saman på tvers av land og kulturar. Langeleiken har røter, men også føter – som gjer han interessant og attraktiv, og annleis. Frå 60-talet fekk langeleiken ein ny renessanse og ein ny vår og har sidan då vore eksponert via plateproduksjonar og på konsertar, i kulturskular og på festivalar.

Langeleiken er ei smal kulturytring samanlikna med mange andre musikkformer, men har funne seg til rette i Folkemusikk-Noreg: Og enno er han i utvikling – i møte med nye musikktradisjonar og nye kulturar.

Det er gjeve ut ei rekke plater med langeleik. Dei mest kjende langeleikplatene er «På langeleik» (Elisabeth Kværne 1985), «Levande langeleik» (Hegge og Steinsrud 1995), «Langeleik» (Snortheim 2011), «Kjeringe i snødrevet» (Brennhagen 2012) og «Til Ragna» (Bråten 2015) og «Skattlandet» (Blengsdalen, Håve og Lien 2016).

Kven er utøvarane på langeleik i dag? Langeleiktradisjonen er spreidd i mindre miljø over heile landet, men framleis med hovudvekt i Valdres.

Vi veit at det blir drive opplæring i langeleikspel i kulturskulane i fleire kommunar. I tillegg til dette er det kurs organisert gjennom spel- og dansarlag, og fleire utøvarar blir brukte som instruktørar i andre samanhengar, både på festivalar og barne- og ungdomskurs.

Om lag 1000 langeleikar er produsert i nyare tid, men det aktive miljøet er ikkje stort. Interessa for instrumentet går i bylgjedalar – og framleis er langeleiken ein marginal og smal sjanger innanfor den store folkemusikkfamilien. Talet på deltakarar på landskappleikane seier òg noko aktiviteten i miljøet. Dei siste åra har deltakinga vore låg, ikring fem deltakarar i juniorklassen og omtrent like mange i seniorklassen.

Samstundes er langeleikmiljøet eit godt og samansveisa miljø: Dei fleste kjenner kvarandre. Tonen er uformell. Og medan dei yngste utøvarane lærer spel i den offentlege kulturskulen, samlar dei vaksne seg til uformelt speletreff heime hjå kvarandre.

Dei siste åra er det etablert ei rekke særlag for ulike instrument- og interessegrupper innan norsk tradisjonsmusikk. Laurdag 25. juli 2009 vart Norsk langeleikforum stifta på Valdres Folkemuseum på Fagernes. Laget har som mål «å vera ein møtestad for utøvarar, instrumentbyggjarar og andre med interesse for langeleiken. Norsk langeleikforum skal arbeide for å ta vare på, vidareføre og formidle kunnskap om spel og instrument. Forumet skal og arbeide for å gjera kunnskapen synleg og tilgjengeleg for å auke kunnskapsnivå og interesse for langeleiken.»

Langeleiken har lenge vore rekna som eit typisk kvinneinstrument. Dei fleste namngjetne langeleikspelarane har vore kvinner, noko vi finn att i det skriftelege kjeldematerialet, inskripsjonar, bilete og annan litteratur. Også i den nære langeleikhistoria finn vi svært mange kvinnelege spelarar. Karane dukkar opp i kjeldene no og då.

Langeleiken står sterkt i fleire familiar, til dømes Rudi-, Hegge- og Steinsrud-familiane. Fleire unge familiemedlemmer her spelar langeleik, men hovudrekrutteringa til instrumentet skjer i dag frå alle kantar, også utanom folkemusikkfamiliane. Vi skriv meir om kjende langeleikfamiliar seinare i dette kapitelet.

Sjølv om langeleikmiljøet er lite, er fleire av dei aktive og med stort engasjement for langeleiken, anten som lærarar i kulturskulen, arkivarar, instrumentmakarar, tillitsvalde eller semiprofesjonelle musikarar.

Kunnskapen om langeleiken finst ikkje berre hjå utøvarane, men også i institusjonar med folkemusikk som spesialfelt. På Valdres Folkemuseum på Fagernes finst ei unik instrumentutstilling, om langeleiken og historia åt instrumentet. I sentrum for utstillinga står landets eldste langeleik – frå 1524. Målet med utstillinga er å presentere det rike langeleikmaterialet i Noreg. Ein kuriositet i utstillinga er historia om langleiken tilhøyrande Det kongelege slott. Opphavleg var det spelemannen Johannes Halden (1844–1936) frå Åbjør som åtte denne. Vinteren 1907/1908 gav han leiken til fire år gamle kronprins Olav.

Instrumentmakarane signerte sjeldan instrumenta, og difor veit vi heller ikkje så mykje om kven som laga langeleikane i eldre tid. Mange av dei eldre langeleikane har namn eller initialar på sidene eller på loket. Som regel viser dette til brukaren av instrumentet, som kan hende fekk langeleiken i gåve.

Den einaste makaren vi kjenner namnet på før 1800, er Herbjørn Knutsson Moe frå Tinn i Telemark, som i 1766 laga instrumentet som Aagot Einung spelte på.

Vi kjenner namna på fleire langeleikmakarar som var aktive etter 1850. Nokre av dei er også kjende felemakarar, mellom dei Erik Johnsen Helland (1816–1868) frå Bø i Telemark. Kristoffer Aase (1879– dødsår ukjent), fødd i Strandebarm i Hardanger, var truleg den fyrste profesjonelle felemakaren på Voss. Etter han finst ein langeleik frå 1915 med innlagt perlemor på kantane, og som tydeleg viser påverknad frå felebygging. Ein av dei vakraste langeleikane som er bevart, er laga av felemakaren Olav K. Venaas (1877–1957) frå Gransherad i Telemark i 1930-åra. Langeleiken er ofte omtala som «dronning-leiken» på grunn av det fint utskorne hovudet. Venaas skal ha laga meir enn førti langeleikar.

Det er i Valdres vi kjenner til flest langeleikmakarar frå 1800-talet og fram til i dag. Ein av dei fyrste var Knut Veflen (1806–1881) frå Vang, gift med langeleikspelaren Guri Moe. Det er bevart fleire instrument etter han. I 1860-åra gjekk Øystein K. Rudi (1830–1923) i gang med serieproduksjon av langeleikar med durskala, botn, åtte strengar og hovud berre i eine enden. Totalt skal han ha laga over 200 slike langeleikar.

Langeleikproduksjonen vart seinare overteken av sonen Knut Ø. Rudi (1878–1972), som på 1960-talet marknadsførte ein enklare variant under namnet «Valdreslangeleiken». Serieproduksjonen av langeleikar vart vidareført av mellom andre Knut Snortheim (1907–1986) og Olav Viken (1922–2005). Andre instrumentmakarar er Haldor Røyne (1908–1979) og Ingvar Hegge (1917–2006). I dag blir det produsert langeleikar på Valdres Folkemuseum på Fagernes, og særleg av instrumentmakarar som Knut Opheimsbakken (fødd 1957) og Oddrun Hegge (fødd 1961). Også på i instrumentmiljøet på Gjøvik er det sidan 1980-talet produsert mange langeleikar, opp mot 2000. Spelmannslaget har eige verkstad der det har vore kursverksemd med bygging av instrument både for skuleelevar og vaksne. Niels Jørgen Røine (fødd 1969) har markert seg som bogemakar - og dei seinare åra som langeleikmakar. Langeleikane skil seg frå andre langeleikar med ein trinnlaus skala, som gjer det mogleg å spele i fleire toneartar.

Utøvere med høy kompetanse

Det finst mange med høg kompetanse om instrumentet, musikken og tradisjonen. Miljøet er lite og er avhengig av kvar og ein. Saman utgjer dei ein samansett og mangfaldig folketradisjon.

Dei fleste utøvarane i dag er kvinner, men nokre langeleikkarar finst. Langeleikspelarane arbeider i arkiv og offentlege institusjonar, nokre er studentar, andre er i fast arbeid. Dei arbeider i helsesektoren og på musea, i kommunane og i private bedrifter. Nokre av dei deltek på kappleikar, andre ikkje. Andre att legg ned ein stor innsats i friviljuge lag og organisasjonar. Kunnskapen om musikken og tradisjonen varierer, sjølvsagt. Nokon er mest interesserte i spelet og musikken, andre i tradisjonen og kulturhistoria.

Det bur langeleikspelarar over heile landet, men hovudvekta bur i Valdres og i Oslo. I Valdres er det eit levande langeleikmiljø med mange utøvarar, til dømes Bergljot Hedda Lunde, Bjørg Steinsrud Berge, Elisabeth Kværne, Gunvor Hegge, Gyda Grøndalen, Ingar Ranheim, Ingrid Lingaas Fossum, Ingvild Lie, Johanna Fuglesteg, Kari Hagaseth, Kari Steinsrud, Knut Aastad Bråten, Magnhild Karsrud, Marit Karlberg, Oddrun Hegge, Ole Aastad Bråten, Ragnhild Kolsrud, Solfrid Olmhus og Trude Bakke – for å nemne nokre.

På Gjøvik finst òg eit aktivt og levande folkemusikkmiljø. Marit Steinsrud har saman med Stein Villa vore primus motorar for instrumentet og tradisjonen her, saman med utøvarar som Kjell Stokke, Petter Hasvoldseter, Svein Arne Mæhlum, Lise Lunde Brennhagen og fleire. Jaigi Enar Tidemand og Rønnaug Håve Sæhlie har dei seinare åra arbeidd med tradisjonsmusikken i Skjåk.

I Telemark heiter tradisjonsberarane på langeleik Kari Lønnestad og Gøril Ramo Håve. I nyare tid har også Anders Erik Røyne arbeidd mykje med leiken, teknikken og spelet.

I Buskerud skal Gunnlaug Lien Myhr og Aud Søyland ha ein stor takk for at langeleiken fekk nytt oppsving på 90-talet. På Kongsberg har Svein Westad og Synnøve Hegge Sæta halde liv i tradisjonen.

Det har vore eit aktivt langeleikmiljø i Oslo i fleire år. Dei som trør takta i øvingslokalet i Nordahl Bruns gate, er særleg Brit B. Totland, Guri Svindahl og Inger Frøydis Bakken. Oslo-mannen Sverre Jensen har arbeidd mykje med rekonstruksjon av eldre instrument, også langeleik.

Rundt om i landet bur fleire som på ulike måtar er engasjerte i musikken og formidlinga av han: Ola Kai Ledang, Bjørn Aksdal, Dagfinn Nupen, Hilde Rudi Bråten, Sveinung Søyland Moen, Lise Karin Meling og Olaf Moen, for å nemne nokre.

Det er garantert fleire som burde vore nemnt her. Om du meiner lista er ufullstendig eller inneheld feil, ta kontakt. Teksten er eit levande dokument som kan/skal endrast.

*

Det finst mykje skriftleg og munnleg kjeldemateriale om langeleikspelarane før i tida. Dei kjem frå alle delar av landet, med hovudvekt på Austlandet.

Aagot Einung (1831–1911) frå Tinn i Telemark var blant dei siste namngjetne langeleikspelarane frå Telemark. Langeleiken til Aagot hadde vore i slekta i fire generasjonar på kvinnesida, og var laga av Herbjørn Knutsson Moe i 1766. I dag er langeleiken og dansehesten på Tinn Museum. Folkemusikksamlaren Catharinus Elling skreiv i 1910 ned låttar etter Aagot, og ein slektning skildra spelet hennar som «vedunderleg blautt og fint».

Berit på Pynte (1812–1899) var frå Los-Vøllo i Vestre Slidre. Berit hadde to systrer som òg spelte langeleik. I 1837 vart ho gift med Andris Skjefte frå Høre i Vang. Dei fekk to søner som vart gifte med mor og dotter på garden Løken, der Berit budde i ei lita stove etter at ho vart enke.

Berit var nøye på at ingen skulle endre skalaen på langeleikane hennar. Til sonedottera sa ho: «Du må ’kje la nokon laga um notadn på ’o.» At så mange låttar etter Berit forsvann i den levande tradisjonen, kan koma av at dei ikkje høvde like bra på den moderne durskalaen. Ein reinlender overlevde gjennom Ola Brenno (1865–1957), men dei fleste av dei 18 låttane som folkemusikksamlaren Ludvig Mathias Lindeman skreiv ned etter Berit i 1865, er tekne i bruk frå notar dei siste åra.

Berit på Pynte vart kjend med fleire omreisande kunstnarar og musikarar. Målaren Erik Werenskiold besøkte Berit i 1893. Etter at han hadde teikna Berit, dikterte ho namnet sitt: «Berit Pynten, bedste harpespillerske i Norge, verdensberømt». Erik Werenskiold fekk ikkje berre med seg eit portrett av Berit, han tok også med seg to av langeleikane hennar, som han fekk kjøpe for 10 kroner. Tre av langeleikane til Berit tilhøyrer i dag Ringve Musikkmuseum.

Johannes Halden (1844–1936) var frå Åbjør i Nord-Aurdal. Halden var barnebarn av Ragnhild Olsdotter Viken (1783–1861), ei viktig kjelde for Lindeman då han var på samlarferd i 1848. Johannes hadde fleire barn som spelte langeleik og som førte tradisjonen vidare.

Halden er særleg kjend for spelferdene sine. Kongelege lydarar hadde han òg. I avisa Valdres 2. mai 1907 stod fylgjande notis: «Johannes Halden fra N. Aurdal spilte forleden paa langeleik for kongen, som likte hans spil godt og bad ham komme igjen og spille for de danske gjester.» I kong Haakon si dagbok 1. mai same året er besøket stadfesta med fylgjande tekst: «Kl. 3. En gammel Bonde oppe og spilte på Langleg.»

I ein artikkel i avisa Valdres 18. november 1908 fortel Halden at han «i fjor vinter var oppe på Voksenkollen og lærte kronprins Olav at spille Gubba Noa. Han fikk en eldgammel langeleik av mig, men han var ikke sterk nok i fingrene, saa jeg måtte trykke lidt på dem, mens han spilte. Der var fint. Jeg blev der helt til kongen sa Olav skulde si adjø til mig».

Langeleikspelaren Ola Brenno (1865–1957) var frå Bagn i Sør-Aurdal. Han bidrog meir enn andre i si tid til å gjera langeleiken landskjend, mellom anna gjennom konsertar i NRK, alt i 1930-åra. Ola hadde fleire barn som spelte langeleik. Best kjend var Ragna Brenno Frydenberg (1906–2006). Ho spelte i Hålistoga på Norsk Folkemuseum i 60 somrar. Der nytta ho også dansedokker til spelet sitt.

Ragna fekk mykje å seia for fleire generasjonar som ho lærte bort låttar til, heilt til den siste tida ho levde. Som einaste langeleikspelar hadde ho statens æresløn for eldre, fortente kunstnarar. Mannen til Ragna, Henry Frydenberg (1893–1976) frå Drammen, bygde om lag 50 langeleikar. Mest særprega er nok den som er stilt ut her, laga av balsatre og inspirert av Kon-Tiki-flåten!

Olav Snortheim var fødd på Midtre Snortheim i Røn i Vestre Slidre. Han hadde lært spel av mellom andre mor si, Ragnhild (1881–1973). Spelet til Olav var raffinert og eksperimentelt. Han sette til dømes på ein ekstra melodistreng som gjorde det mogleg å spela tostemt utan å nytte dei bakre halvtonane, som han òg sette på leiken.

Guri Haldorsdotter Hegge (1884–1976) var av spelemannsslekt. «E ska spela ein lått, slek at ein sler berre framte med snerte», seier Guri Hegge på eit lydbandopptak. Ho kremtar og skrattar litt, og så set ho i gang. Guri var trufast mot tradisjonane, men modig nok til å overføre både radiomusikk og felelåttar til langeleiken.

Guri gifta seg til Sørre Hegge og vart midtpunkt og læremeister i ein av dei mest framståande familietradisjonane i Valdres. Ho lærte opp barn og barnebarn, til dømes Gunvor og Oddrun Hegge, Guri Marie Hegge og Synnøve Hegge Sæta, og mange av dei som spelar langeleik i dag, kan spore låttematerialet tilbake til Guri.

Ingvar (1917–2006) var fødd på Sørre Hegge i Øystre Slidre og var son til langeleikspelaren Guri Hegge (1884–1976). Ingvar var ein mykje omtykt historieforteljar og instrumentmakar. Eit uuttømmeleg historieleksikon og ein kulturberar, men òg ein kulturskapar som såg framover, og som skapte nytt. Ingvar er far til tre langeleikspelarar, Gunvor (f. 1955), Kari (f. 1958) og Oddrun (f. 1961). Systrene Hegge spelar langeleik i tradisjon i hovudsak etter bestemor si, Guri. Jentene byrja å spela i ung alder, men det var mest Gunvor og Kari som lærte direkte av bestemor Guri. «Dei kappast om å lære låttar, fleire jamaldringar spelte, og dei fann inspirasjon i kappleiksdeltaking, underhaldningsspel og utfarta.» Oddrun er utdanna instrumentmakar, og jobbar med reparasjon og rigging av instrument. Elles har både Gunvor og Oddrun vore lærarar i kulturskulen, og har lært opp mange langeleikutøvarar i Valdres. Oddrun og Gunvor har tidlegare vore ivrige kappleiksdeltakarar. Under Landskappleiken i Nordfjord i 1990 fekk Gunvor kongepokalen for spelet sitt. I 1995 gav systrene ut ei langeleikplate saman med tre andre langeleikspelande systrer, Steinsrud-jentene. Plata, Levande langeleik, vart året etter nominert til Spelemannprisen.

Kunnskapsoverføring

Langeleikspelet har tradisjonelt vorte lært bort i heimane. Notar og skriftleg materiale i overleveringa finst det lite av. Her dreier det seg om å sjå, høyre og apa etter lærare – og legge til det ein finn for godt. Enno finst spor av ei uformell opplæring i heimane, men kulturskulane i Valdres har teke ansvar for opplæringa, saman med lokale spel- og dansarlag, til dømes faste fellessamlingar for folkemusikkungar og -ungdommar. Lærarane er røynde spelerar, som sjølve har lært spelet på gamlemåten.

I tillegg til organisert opplæring er kappleikane framleis ei vesentleg og viktig drivkraft for mange folkemusikarar. Kappleiken motiverer på fleire plan: Han er gulrot for dei som vil teste nivået sitt, eller bryne seg på andre spelarar, men òg ein arena for dei som ynskjer å presentere og formidle kulturarven til eit større publikum. Kappleikane er organiserte lokalt, regionalt og nasjonalt. Landskappleiken er å rekne som Noregsmeisterskap i folkemusikk, og blir arrangert på ulike stader i heile landet.

Kvifor byrjar mange å spela? Familietilknyting og familietradisjonar er ei forklaring: Ein byrjar fordi andre i familien spelar. Andre att har fått interesse for musikken gjennom langeleikspel på CD, eller via YouTube. Inngangen til musikken er meir variert i dag enn tidlegare.

Speletradisjonen er rik, men òg skjør og avhengig av eldsjeler som dreg tradisjonen framover. Dei er bærebjelke og bindeledd mellom notid og fortid – og framtid.

Historisk bakgrunn

Langeleiken har djupe røter i norsk kultur, og var kjend i Norden allereie i mellomalderen. I Rynkeby kirke på Fyn i Danmark finst det fleire takmåleri frå cirka 1560. På eitt av måleria ser vi ein engel som spelar langeleik. Dette er den eldste biletframstillinga av langeleiken i Norden.

I Noreg er langeleiken omtala fyrste gong i 1619 i samband med eit prestebryllaup i Hemne i Sør-Trøndelag. I Vardal ved Gjøvik finst ein langeleik med årstalet 1524 skore i sida. Det finst òg minst to andre langeleikar med dateringar tilbake til 1500-talet.

Perioden 1600–1750 var ei blomstringstid for langeleiken i Noreg. Kjelder fortel om langeleikspel i heile landet. På slutten av 1700-talet er langeleikspelet på retur mange stader, mellom anna på grunn av fela og hardingfela. I nokre område står langeleiktradisjonen likevel sterkt og lever vidare inn i ei ny tid.

Valdres har lenge vore knutepunkt og ferdselsåre mellom aust og vest, nord og sør. Langeleikane viser derfor stor variasjon i utforming og konstruksjon.

Langeleikane i søre Valdres syner slektskap med langeleikane i resten av Vest-Oppland. Her er det stillhovud i båe endane av instrumentet. I Vang og øvst i Slidre finn ein òg langeleikar med to hovud, men då dekker det eine heile breidda, og det andre er noko smalare. Eldre instrument i Vang har ofte hovud med ein særeigen skroll. I Øystre Slidre finn ein instrument med spor av eit vertikalt dekorstykke, kan hende slik vi finn dei i Gudbrandsdalen.

Den moderne langeleiktypen etablerte seg fyrst på 1800-talet i øvre Valdres, medan langeleiktypen i søre Valdres heldt seg i bruk fram til våre dagar, særleg i Aurdals-bygdene.

Det er som oftast lite dekor på langeleikane i Valdres. Hovudet, derimot, er gjerne rikt dekorert med utskoren akantusdekor. På 1900-talet blir nokre instrument rosa med tusj som på hardingfela. Det finst òg nokre måla instrument, då med initialar og årstal.

Dei fleste eldre langeleikane har fire–fem strengar, er skorne ut av eitt trestykke og er utan botn. Frå Utne i Hardanger finst ein langeleik datert 1672. Denne er sett saman av separate delar og har påsett botn. På langeleiken frå Utne er nokre av stemmeskruane sette vertikalt på stillarhuset, ikkje horisontalt og inn i sida slik det er vanleg. Denne konstruksjonsdetaljen knyter band til instrumentbygginga i mellomalderen.

Dei eldre langeleikane er vakre og varierte i utforming, konstruksjon, form og dekor. Nokre av skilnadene handlar om ulike historiske sjikt eller stiltrekk, medan andre i større grad er knytte til regionale særtrekk. I tillegg ser ein individuelle stilar hjå dei einskilde langeleikmakarane. Truleg var det òg ulike ynske om storleik og dekor blant dei som tinga seg instrument.

Langeleikmaterialet gjev ikkje grunnlag for å snakke om klare geografiske eller historiske skilje. Likevel er det ein god del fellestrekk innanfor dei ulike distrikta. Desse er ofte knytte til utforming og plassering av hovud og stillarhus.

Eit slikt eksempel er langeleikar med hovud i kvar ende, noko ein særleg finn i Vest-Oppland og Sør-Valdres. Langeleikar med hovud med høg skroll eller eit hjul finn ein hovudsakleg i Telemark og Agder-fylka. I Gudbrandsdalen har instrument med høgt hovud og utskorne akantusranker vore utbreidde sidan slutten av 1700-talet. I Vest-Oppland finn ein langeleikar med hovud som endar i ei spir-form, og i Numedal, Hallingdal og delar av Telemark er stillarhuset gjerne tre- eller firedelt i breidda slik at stemmeskruane får betre feste.

Det har vorte rekna som eit eldre stiltrekk at langeleiken er skoren ut av eitt trestykke og er utan botn. I dag kjenner vi til at instrument allereie på 1600-talet vart bygde av separate delar og med botn. Eit sikrare alderstrekk er talet på strengar, som på mange av dei eldste instrumenta varierer frå tre til fem. Som regel er minst éin av desse festa til ein stemmeskrue som er ført inn i kroppen frå ei av sidene. Utover på 1800-talet auka strengetalet i nokre bygder, og i Valdres har langeleikane som er laga etter 1860, vanlegvis hatt åtte eller ni strengar.

Langeleiken er ikkje berre eit instrument. Han er folkekunst òg. Mange av dei eldre bevarte langeleikane er rike i dekor og utsmykking: Her er bordar, profilliner, symbol, initialar og årstal, utførte i ulike teknikkar: skorne, svidde, måla eller høvla. Enkelte langeleikar viser at handverkaren har vore spesialisert i faget sitt. Andre er meir amatørmessig utførte.

Dekoren på hovuda varierer mykje. Desse variasjonane kan fortelja oss kvar i landet instrumentet er laga. Ved å samanlikne langeleikar og annan folkekunst kan vi lettare få kunnskap om alder, opphavsstad og opphavsmann.

Lydhola er oftast utforma som ulike variantar av eit hjarte, ei s-form eller som f-holet på ei fele. Dei kan òg vera variantar av liner og sirklar. Dekoren kan seia noko om kva for reiskap langeleikmakaren nytta, og kva slags bakgrunn han hadde.

Symbola er varierte og kan vera henta frå primstavar eller andre gjenstandar. Symbola kan òg vera kyrkjelege eller religiøse. Døme på eit rikt utsmykka instrument er langeleiken frå Froland med uvanleg mange motiv og dekorelement: katt, gås, rev, solhjul, buskar, dansepar, kyrkjebygg og bordar.

Årstal, namn og initialar er gode spor om ein vil vita når og kvar instrumentet vart laga, men her må ein vera varsam. Årstal kan vera året instrumentet vart laga eller gjeve i gåve. Det kan òg vera årstalet for viktige hendingar i livet til eigaren. Det kan vera fleire dateringar på same instrumentet.

Korleis blir musikken utøvd i dag, samanlikna med musikken tidlegare? Langeleikmusikken er som folkekunsten elles i endring og utvikling. Musikken er ikkje statisk, men finn nye former og uttrykksmåtar med tida – og spelarane. Men låtterepertoaret til utøvarane i dag står ikkje utan historisk forankring: Vi veit at tradisjonen og tradisjonsoverføringa er seig, og at endringsprosessar tek tid. Grunnforma i låttane den gongen og i dag er samanfallande. Kan hende finst ein større variasjon i uttrykksmåtar i dag, i taktforståing og teknisk utforming. Men mykje er også i ferd med å forsvinne: kunnskapen om låttane og forteljingane.

Gjennom skriftelege kjelder kan vi samanlikne dagens låttar med låttane den gongen. Mykje er samanfallande og likt. Det finst òg lydopptak med langeleikspelarar, dei eldste opptaka er med Ola Brenno (fødd i 1865), og er frå 1937. Dei fleste utøvarane som er registrerte i Valdres folkemusikkarkiv, var tilårskomne då opptaka vart gjorde – noko som òg påverkar framføringa.

Plan for videreføring

Vi veit at det blir drive opplæring i langeleikspel i kulturskulane i fleire kommunar. I tillegg er det kurs organiserte gjennom spel- og dansarlag, og fleire utøvarar blir brukte som instruktørar i andre samanhengar, både på festivalar og barne- og ungdomskurs.

Det blir lagt ned mykje godt arbeid blant langeleiklærarar og andre som driv opplæring i folkemusikk. Fleire av lærarane har arbeidd med undervisning i mange år. Iblant kan ein gå tom for både idear og motivasjon.

Den pedagogiske opplæringa er det læraren sjølv som tek hand om: Det finst ingen standardlæreverk for undervisning i langeleik. Resultatet er at kvar lærar må legge til rette og utvikle sine eigne undervisningsmetodar.

Dei fleste driv undervisninga etter sjølvlærte metodar og stør seg på eigne erfaringar. Få lærarar brukar notar eller andre, kjende undervisningsmetodar. Undervisninga skjer etter tradisjonell folkemusikkpedagogikk: sjå, lytte og herme.

Det er mykje positivt med denne måten å drive undervisning på: Mellom anna får elevane framleis lære låttane på gamlemåten, ei undervisningsform med lange tradisjonar, og eit viktig supplement til den klassiske noteundervisninga.

Elevane får òg høve til å utvikle sansane gjennom å sjå og lytte. Musikk blir ikkje forma ut av notar, men gjennom musikalsk innleving og gehørtrening – som også gjer at eleven får med seg stiltrekka i musikken. Noverande undervisningsform er mangfaldig og lite einsretta: Kvar lærar har sin metode og sitt repertoar, noko som gjev mange moglegheiter for elevane. Eleven blir meir bevisst på å finne seg sjølv, får nye impulsar og syn på eigen teknikk og eige uttrykk.

Opplæringa i langeleikspel skjer i dag for det meste i den offentlege kulturskulen. Noko opplæring går føre seg i spel- og dansarlaga, men dette skjer tilfeldig og er ofte tidsavgrensa.

Interessa for opplæring i langeleikspel har gått opp og ned sidan undervisninga vart del av den offentlege kulturskulen. I Valdres er det i dag færre elevar enn på mange år, kring 10 elevar (alle jenter) mot nær 50 elevar for 15 år sidan.

I Hallingdal finst eit lite langeleikmiljø, men for tida er det ingen elevar i kulturskulen. I Gjøvik er det for tida ingen undervisning i kulturskulen, men langeleikgruppa i Gjøvik spelemannslag er aktive med faste øvingskveldar. I Oslo finst eit lite miljø, med faste øvingar annankvar tysdag.

Rekrutteringa av lærarar til kulturskulen og anna undervisning har heile tida vore avhengig av ei stor, fast og stabil stamme med spelarar. Fleire av dei faste lærarane har dei siste åra gjeve seg med undervisning, andre att har gjeve signal om at dei ynskjer å trappe ned. Kven som på sikt skal ta over undervisninga, er derfor usikkert.

Det er skrive fleire hefte, artiklar og oppgåver om den norske langeleiken, men lite av dette tek for seg metodikk og opplæring. Valdres Folkemusikklag har for fleire år sidan utarbeidd notat om tema, eitt frå 90-talet og eitt på 2000-talet.

Boris Borisoff var redaktør for boka Lærebok I, Langeleikspill for selvstudium (1979), utgjeven av Cappelen. Heftet byggjer i hovudsak på materialet etter Hortense Panum: Langelegen som dansk folkeinstrument (1918), utgjeven på Lehmann & Stages forlag. Det er også laga ei utgreiing, Utgreiing om folkemusikk og folkedans i skoleverket (1982), Rådet for folkemusikk og folkedans (red. Leif Braseth).

Fleire av lærarane har også utvikla eige metodiske materiell. Oddrun Hegge har mellom anna laga to hefte om gode råd om stell av langeleiken, og ei øvingsdagbok.

*

Litteratur og dokumentasjon:

Bråten, Knut Aastad: Pedagogisk materiell i langeleikundervisinga, Norsk langeleikforum, 2011
Aksdal, Bjørn, Bråten, Ole Aastad og Kværne, Elisabeth: Langeleiken – heile Noregs instrument, Valdres Folkemuseum, 2015
Kværne, Elisabeth: «På langeleik», Heilo, 1985
Hegge, Steinsrud: «Levande langeleik», Heilo, 1995

Kan du bidra med innhold til artikkelen? Foreslå bilder til bidraget eller foreslå forbedringer av tekst

Spørsmål og kommentarer

Legg igjen en kommentar