Båtdraging av ny gavlbåt i Jakobsgarden 2012. Foto: Tove Aurdal Hjellnes

Båtdraging på Bjørkedalen

Båtdraging er prosessen med å få ferdige klinkbygde trebåtar ut av båtskota på Bjørkedalen og ned til fjorden, omlag ti kilometer unna. Det omfattar dugnad, mannemakt, hestar eller traktor/lastebil. I den lokale dialekta snakkar ein om båtedraging.

Skrevet av Tove Aurdal Hjellnes. Sist oppdatert 4. juni 2021. Vil du gjenbruke innholdet? Innholdet har begrenset gjenbruk

Om tradisjonen og kunnskapen

Båtbygging og båtdraging er tradisjonar som heng saman på Bjørkedalen i Volda. På det meste var det tjuesju båtbyggeri i bygda, som ligg om lag ei mil frå fjorden. Det seier seg sjølv at det var hardt arbeid å få dei ferdige båtane frå båtskota til sjøen, som oftast til Kile eller Straumshamn. Det var dugnad og samarbeid, og om det var vêr og føre til det, drog ein gjerne fleire båtar på same dag.

Klinkbygging er den tradisjonelle måten å bygge båtar på på Bjørkedalen. Småprodusentar har båtbygging som attåtnæring, og bruker teknikkar og materiale som er vanlege langs heile norskekysten. Handverket er ein variant av den felles nordiske klinkbåttradisjonen.

På Bjørkedalen har det vore bygt båtar i over tusen år. Ein har lokalt skriftlege kjelder som viser at det vart bygt båtar her på 1500-talet. Lokalhistorikaren Per Årviknes fortel at Saxe Balle (1534 - 1620) bygde både båtar og jekter. I Snorre vert det fortalt at Håkon Jarl var i Halkjelsvik for å reparere båtane sine før slaget i Hjørungavåg på slutten av 900-talet. Halkjelsvik er det gamle namnet på sentrum i Volda. Det er naturleg å rekne med at båtdraging har vore praktisert like lenge. Båtane måtte ut av skotet og ned til fjorden den gongen også.

I første fase for å drage båten ut av skotet, treng ein folk, støer og lunnar. Kor mange menn, kjem an på storleiken på båten. Karane fordeler seg på begge sider og står med ryggen mot båten; held den oppe, balanserer den og flyttar den framover på lunnane. Ein mann ropar og styrer det heile, sidan det er særs viktig at alle er samkøyrde og tar i samstundes. Arbeidet er ikkje heilt ufarleg.

Om båten var tung, brukte ein tidlegare hestar til å dra medan mennene stødde. Etter kvart som motoren og bilen kom, gjekk ein over til traktor, lastebil eller gravemaskin.

Når båten er ute av skotet, er det enno lang veg til sjøen. Denne delen av prosessen har utvikla seg frå hest og menn, via hest og vogn til lastebil eller traktor med hengar. Uansett hjelpemiddel på vegen, er ein avhengig av mannemakt både for å få båten ut av skotet og for i siste fase å få den på fjorden.

Sidan det vart bygt båtar på omtrent kvar gard i bygda, var det kvar sin gong å hjelpe kvarandre. Alle stilte på dugnad når det var båtdraging, nabofeidar vart lagde til side slike dagar. Ein var avhengig av hjelp frå kvarandre.

Båtbyggaren plikta å halde dugnadsfolket med noko å styrke seg på. Båtdraginga var hardt arbeid og kunne ta heile dagen, då det var langt ned til fjorden. Kvinnene sytte for maten. Før brødskivene kom, var dravle kokt av surmjølk (skjør) vanleg nistemat. Som regel var det blanda inn kald havregraut. Soppe var noko liknande. Det var skjør og flatbrød i småbitar, som ein blanda saman og åt med skei. Til drikke vart det ofte nytta noko som vart kalla syreblende, halvt om halvt myse og vatn. Saupet som ein fekk etter kinning av smør, vart også nytta. Kvinnene serverte dessutan rømmegraut og potetball.

Det var vanleg også før i tida at kjøparane av båtane var til stades under båtdraginga og sjøsettinga. Dei var då gjerne rause med kjøpeskålen, ikkje berre til båtbyggaren. I nyare tid har det ofte vore bryggja kornøl når store båtar skal ut av skotet.

Det var i første rekke karane på gardane rundt Bjørkedalsvatnet som deltok i båtdraginga; bonden/båtbyggaren, sønene, tenestefolk. På førehand hadde ofte gutane hatt oppgåva med å gå rundt på gardane og seie frå om at det skulle vere båtdraging.

Frå 1970-talet og framover vart det bygt store vikingskipskopiar i Jakobsgarden. Då tok båtdraginga fleire dagar og det vart invitert til deltaking gjennom annonser og plakatar. Fleire tusen var tilstades ved nokre av desse båtdragingane.

Kor mange som deltek under ei båtdraging i dag, kjem an på storleiken på båten. Båtbyggarane er alltid involverte. Ofte deltek også dei som har bestilt båten, dei næraste grannane og andre interesserte. Er båtane store, treng en framleis mykje folk for å få båten ut av skotet. Ei og anna dame er med, men det er framleis i hovudsak karar som tek del i det tunge arbeidet.

Mange er spesielt interesserte i tradisjonane og kunnskapen knytt til båtbygging, og ser på båtdraging som ei moglegheit til å vere litt involverte i dette. Ikkje minst er dei hundreogtjue medlemmane i Bjørkedal kystlag opptekne av å ta vare på og vidareføre desse tradisjonane.

Det vert ikkje bygd like mange båtar som tidlegare, men båtdraging i ei eller anna form er stadig like nødvendig når ein båt skal leverast.

Utøvere med høy kompetanse

Sjølv om mange er med under ei båtdraging, er det dei som har vakse opp med båtbygginga på Bjørkedalen som kan å flytte og balansere ein båt på ein trygg måte. I hovudsak er dette mennene i bygda.

Kunnskapsoverføring

Som med båtbygging, vert kunsten å dra ein båt ut av skotet overført frå generasjon til generasjon. Ein lærer av å ta del, av å sjå korleis dei erfarne gjer det og få lov å prøve seg. Ungane er til stades frå dei er små, og tek del etter kvart som dei veks til.

Historisk bakgrunn

Ein deler gjerne utviklinga av båtdraginga i tre fasar: utan veg, med veg og båtvogn, og med traktor, kran eller lastebil etter at motoren kom.

Før vegen kom, vart båtane enten rodd over dei tre vatna mellom Bjørkedalen og Kilsfjorden (Bjørkedalsvatnet, Mevatnet og Nestevatnet) eller dratt over isen om vinteren, og dratt eller haldne att i nedoverbakkar på lunnar av folk og hestar mellom vatna. Det var lagt permanente lunnar. Store båtar vart bygde nede ved fjorden.

I 1870-åra løyvde Stortinget 7500.- kr til veg, bru og båtvogn. Det vart bygt bru over Vassendelva og veg frå Bjørkedalen til Straumshamn. Ingeniør Heyerdahl og vegmeister Rosenquist teikna ei båtvogn som vart bygt av ein vognmakar på Veblungsnes i Romsdalen. Båtdraginga vart no mykje lettare, ein kunne bruke hjulgåande køyretøy heilt til sjøen. Og ein kunne bygge større båtar heime på Bjørkedalen.

Då motoren kom utover på 1900-talet og folk skaffa seg bil og traktor, vart båtdraging endå enklare.

Plan for videreføring

Båtane må framleis ut av skota og ned til fjorden på ein aller annan måte. Ein er avhengig av folk og mannemakt i delar av prosessen, men brukar i større grad enn tidlegare maskiner.

Det er vesentleg at handverket og tradisjonen med trebåtbygging held fram, at marknaden for trebåtar held seg oppe. Dersom ein framleis bygger båtar på Bjørkedalen, vil også båtdraging halde fram.

Å ta del i båtdraging var i tidlegare tider ei plikt og tungt arbeid. No vert det bygt færre båtar, og båtdraging og sjøsetting skjer sjeldnare og vert av dei som ikkje er midt oppe i det, sett på som eksotisk. Mange ønskjer å ta del i hendinga.

Mange av medlemane i Bjørkedal kystlag er medlemar i akkurat dette kystlaget fordi dei ønskjer å støtte opp om båtbygginga og tradisjonane rundt dette.

Gjennom prosjektet "Adopter eit kystkultrminne" (2012-14) inviterte Forbundet KYSTEN lokallaga sine til å adoptere eit kulturminne frå sitt lokalmiljø. Bjørkedal kystlag valde då å adoptere båtdraging. Kystlaget har hatt innsamling av gamle bilde, skrive artiklar og prøver å invitere seg sjølve når båtar skal ut av skota.

Også Bjørkedal gredautval og Bjørkedal båtsamlingar er med på å sette fokus på båtdraging og båtbygging.

Kjelder:
Helset, Karl: Bjørkedalen i Volda. Ei båtbyggjargrend langt til dals. I: Årsskrift frå Volda Sogelag 1977, s 7-29

Helset, Jakob: Båtedraging. I: Voldaminne 2014, s 51-59

Aarviknes, Per: Volda-soga III: Gardar og slekter, Volda bygdeboknemnd, 1973

Kan du bidra med innhold til artikkelen? Foreslå bilder til bidraget eller foreslå forbedringer av tekst

Spørsmål og kommentarer

Legg igjen en kommentar