Barneteater i Bagabu

Kvar haust inviterer Bagabu ul alle barn (med ei viss aldersbegrensing) til teateroppsetting for barn, ungdom eller familieteater(alle aldrar er velkomne)

Skrevet av Jakob Bjerkem. Sist oppdatert 20. oktober 2020. Vil du gjenbruke innholdet? Innholdet har fri gjenbruk

Om tradisjonen og kunnskapen

Kvar haust inviterer Bagabu ul alle barn (med ei viss aldersbegrensing) til teateroppsetting for barn, ungdom eller familieteater(alle aldrar er velkomne).

Som regel er det musikkteateroppsetting - stor eller liten - som settes opp. Som regel har det stått annonse i avisa, er sendt rundskriv til skole og barnehage og det er orientert på Henningportalen. Det starter som regel med orienteringsmøte - gjerne første veka at skolen er i gang.

Det er ingen krav om forkunnskap for å delta, men som regel er det aldersgrense nedover - og enkelte år oppover. Ingen geografisk avgrensing, men dei fleste er sjølsagt frå Henning.

Utøvere med høy kompetanse

Det å sette opp eit barnetater lærer ein som regel gjennom å delta sjøl. Men ein kan også dra på kurs og lære. I Bagabu ul har ein som regel hatt "profesjonelle" instruktørar/regisørar. Men laget sjøl stiller med produskjonsleiar, kostymesjef, kulisseansvarleg, lysmester, rekvisitør etc. Det velges ei teaternemnd som har hovedansvaret for å drive prosjektet. Som regel er teaternemnda produksjonsstyre

Kunnskapsoverføring

Gjennom å delta sjøl lærer ein gradvis korleis ein gjennomfører ei teateroppsetting. Men godt er det å delta på kurs og samlingar for å lære meir. Inspirerande og lærereikt er det også å delta på samlingar i Noregs Ungdomslag sentralt og hos Nord Trøndelag Teatersamlag

Historisk bakgrunn

Midt på 1970-talet vart det starta barnedans i Bagabu ul. Som del av dette vart det laga både dokketeater og barneteater med stor suksess. Det var Berit Bjerkem og Annfrid Kummernes som dreiv dette dei første åra. Dei største barna gikk så over til barneteater(primus motor Jakob Bjerkem) og dette utvikla seg så etter kvart til ungdomsteater og større teateroppsettingar. Trollet Trill var det første barneteateret som vart oppsett - 1981. Men den generelle amatørteatertradisjonen i Henning kan ein føre tilbake til 1898 da Spellaget Heidrun vart starta. Tidelg på 1960-talet vart så denne tradisjonen overtatt av Bagabu ul da Heidrun sleit med rekruttering og i fleire år hadde problem med å få til teateroppsetting

Plan for videreføring

Det synes no som at folk flest synes at det er positivt for bygda at det blir halde fram med teater i Henning. Det har blitt på vis eit kvalitetsstempel på Henning at vi har eit godt oppvekstmiljø gjennom både teateraktiviteten i Bagabu ul og allsidig aktivitet i Henning il. Så lenge dei rette folka er villige til å gjere ein innsats slik at barne/ungdoms/familieteateret blir sett i gang kvart år så vil dette halde fram

Kan du bidra med innhold til artikkelen? Foreslå bilder til bidraget eller foreslå forbedringer av tekst

Spørsmål og kommentarer

Legg igjen en kommentar